Ritt 2 – Nesbyen

Nes, Nes, Nes – ja ko ha dei eigentle å by på nere på Nes? Dei era no stolte tå at det ein dag tidle på syttitale vart gjort ei gale måling tå værmen, ja også era dei beint ut duvele krye tå denna «gamlebyen» sin me ja. Der spankulerte adelen må veta, ja kansji era nesningane tå dei få her i landet som ikkji syns det e stas å feire 200 års jubileum, ja se adelen vart avskaffa då …

Men nøk om ikkji noko, attende te syklinga – ell la uss starte upp på detta med sykling no. Førr på Nes skjer det mykji som ha med sykling å gjera. Eiskle mykji faktisk.

Ikkji berre ha dei denna suverene pudingtrimmen sin, som ha fått haugevis tå nesninga upp frå godstolen førr å sykle om kapp førr å vinne ein sjukelade. Dei ha me eit tå landets beste områdu førr slik idiotisykling ner fjellsiu og åskamma – ja faktisk so bra at det e hit dei beste kjem førr å trene førr å bia endå bære enn best. Nesningan era uhørvele gode te å stelle i stand te sykkelfest.

So hadde dei gjort i dag me. Sist e va på Nes førr å sjå på slikt eit SpareBank1køppritt hadde dei bydd på det beste dei kunne finne tå kumøkk og spreia jordudn me. Heldigvis hadde dei ikkji gjort noko slikt i dag.

I dag derimot reiv dei i med eit nydele vær med høg temperatur og luftfuktigheit. Dei stelte me i stand te å teste ut eit heilt nytt tidtakarsystem. No som alle era registrerte vil nøk detta gjera ritta meir effektive, i dag vart det nok noko meir inneffektivt enn effektivt kan me sea (men det gjekk bra te slutt og alle fekk sykle konkurranse må veta).

Det va ein heil bøling tå ville og gærne syklista som stilte te start i lysløypa på Nes førr å tevle om å væra best. Det e heilt utruleg korr lettlurte følk era. Lysløype era lagd førr å gå på skiu i, lell stilte følk upp førr å sykle. Kor vanskele kan det væra å skjøne ko idrettanlegga sko nyttast te. Detta bia litt som å ta med symjekledu førr å stikke burti høppbakkjen.

I dag me kom det følk like te frå Geilo og langt uppi Valdres førr å måle kreftu og teste pedaladn.

Einkor ungjypling frå Ål og Nes viste at dei veit å prioritere me. Førr dei sko upp i matteeksamen i mørgo tidle, lell kom dei te Nes førr å gje alt på blaut sagmugg. Upp og ner steile bakka, bærre så vidt dei fekk testa ut dei snøggaste gira fyri dei sko upp ei ny kneik. Men lell – bære enn å gjæra matte tykte dei.

Men så va det detta rittet då. Som tidlegare nemd va det ein heil haug med syklista som voro me. Omlag 50 stykkju faktisk. Det e mykji det.

Også denna gøngjin voro det mange med i dei yngste klassadn. Den yngste faktisk so ung at ho måtte ljuge på aldern førr å kunne væra med … Dessa deltok i dei yngste klassadn:
JENTU

– Maja Svanaasen (K7-9)
– Margit Svanaasen (K7-9)

– Anna Espeli (K10-12) (nr 1)
– Tuva Jorde (K10-12) (nr 2)
– Heidi Leikvold (K10-12) (nr 3)

– Åsne Skrede (K13-14) (nr 1)
– Tiril J Maseng (K13-14) (nr 2)
– Idunn Markegård (K13-14) (nr 3)
– Miriam V Flaget (K13-14) (nr 4)

GUTA
– Erik Espeli (M7-9)
– Eskil Herheim (M7-9)
– Oskar Revelj (M7-9)

– Yoonis Ibsen-Børnick (M10-12) (nr 1)
– Tobias Slaato (M10-12) (nr 2)
– Kent Andre Frydenlund (M10-12 (nr 3)

– Sondre Sjong (M13-14) (nr 1)
– Ivar Fosheim (M13-14) (nr 2)
– Rasmus August Schiellerup (M13-14) (nr 3)
– Sjur Lien Sagabråten (M13-14) (nr 4)
– Øyvind Tveit (M13-14) (nr 5)
– Ketil Etterlid (M13-14) (nr 6)

– Filip Fjeld Andersen (M13-14) (nr 1)
– Eivind Gullingsrud (M13-14) (nr 2)

So va det dei vaksne då, ell dei som tru dei era vaksne. Det kan sjå ut som om han der vesle Bjerkrheimen no ha feste grepet på detta med sykling i Hallingdal. Førr alt i fyste runden neri lysløypa klinte`n te å stakk frå dei reale gamlekaradn. Sjølv ikkji verdas kansji snøggaste valdris (Eivind Fosheim) hadde nubbsjangs te å halde følgje i dag.

Førr i mål va`n Kjetil Andre ette bærre 28 menutt og eitt sekund. Nestemann kom fyst 46 sekund seinare – det va denna valdresguten i klassa førr guta myljo 50 og 64 år. So dei to snøggaste karadn vonno kor si klasse kan du sea.

Det e temmele rått, førr den trea raskaste voro me ein slik gamling – førr det va`n Tore Bjerkrheim. Medan Ove Grøndal voro fjorde snøggast totalt, men kom på are i rekruttklassen førr guta myljo sekstan og femti år.

Men det va damu me må veta. Snøggast tå dei voro ho Elisabeth Skrede som vann med knapp margin fyri ho Jannicke Ulricshen.

Om du ha hug te å sjå heile resultatlista, finn du ho her . Du må bærre trykke på «options» førr å vælja klassen du vil sjå på.