- Startsida
- Andebarkji TSK
- SpareBank 1 TERRENG
- SpareBank1 LANDEVEG
- Tour De Hallingdal
- Birken 2009
- Are ritt i Hallingdal
- Lisens 2009 NCF
- Treningstips
- Turtips
- Vedlikehald tå sykla
- Skjeldriu frå 2009
- Gamal moro
- Lenku te are siu
- Gjestebokji
- Kontakt uss!
Fellestreninga 2009:
Terreng:
Tørpo - tysdaga klukka 19
Uppmøte: Tretterud Sport
"pudding" - roleg sykling
Tørpo - tosdaga klukka 19
Uppmøte: Klubbhuset
Landeveg - roleg
Gol - mondag klukka 17.00
Fyste timen e dedikert trening med dei frå ti å uppete.
Uppmøte: Mobrue
Landeveg - hardt
Gol - tosdaga klukka 17.00
Uppmøte: Mobrue
Haugo lei www.andebarkji.comSjølvaste Martin Haugo har no vørte duvele lei tå at det ikkji e den fulle og heile sanninga om ritt og resultat som bi lagt ut her på www.andebarkji.com.Han vil no legga ut noko ståff sjølv på www.martinhaugo.com. Her bi`re den komplette sanninga og ikkji noko tå den sminkinga me i andebarkji.com ha drivi me førr å ikkji røpe at han alder ha tryna ell noko slikt - bærre køme noko ette dei are i målr! Men lell - no bærre tulla e! Alle karadn i satsingsgruppa sko ha sin eigen blågg. Martin ha løyst detta med å laga ei duvele ven heimesie. Sjå sjølv på www.martinhaugo.com Snart Geilo 24Gjer deg klar og smør sykkeln din no. Geilo 24 nærma seg snøggare enn snøggast.Allereie 3. og 4. juli e det klart førr denna kraftprøva! Årsmeldingji førr 2009No kan du lese heile årsmeldingji førr 2009 du me!Årsmøte - eit høgdepunkt i klubbenEndele va det eit arrangement i regi tå Andebarkji der sjølv e kunn klare å halde følje. Det e faktisk bærre den eine gøngen i året det - ja om e ikkji sit på med ein føljebil ell noko slikt då!Som tidlegar hadde Pers Hotel stilt upp me møterom og slikt, men ette at det dei seinare åre ha vørte mykji rolegar på dessa møtudn hadde dei fleste vaktidn tikji juleferie. Førr kansji fyste gøng i historia va sjølvaste Tretteruden på plass te rettig tid. Men lell må du veta at me ikkji starta fyri ette ein hælv time. Det va totalt søtjan som va på møtet. Tå dessa va ei ven jente, ein ikkji medlem og femtan mannlege medlema. Det va som vanle god stemning og mykji bra som vart tikji upp. Ein tå karadn som va duvele trege te å koma te møtet, gjorde gøtt at me omlag å låve so mykji peng te klubben at me nøk alder treng å lappe slangu atte ... Det va presentasjon tå regnskap og budsjett og slikt. I fjor gjekk me med underskot på nitusen, mens det i år (ell no i fjor) vart eit overskot på heile 59000. Detta e duvele bra! Også va det slikt eit val, der det meste tå styret vart sittandes. Medan Nils Gunnar Arnegard no e innvalt som ny ungdomsrepresentant. Førr neste år e det gjort eit vedtak om at det me må ell bør væra ei jente i styret. Dette førr at den heldige utviklinga med stadig fleire jentu på hjul sko halde fram. Te neste år e det Nils Gunnar som ha ansvaret førr damudn og rekruttering, me are ord sko ein tå elitekaradn stå førr avl tå nye syklista. Ungdomsgruppe på ÅlJo Etterlid ha alt no lagt inn so mykji aksja på å bi nominert te å bi årets andebarkjar 2010.Han ha nemle bestemt se førr at det bi sykling førr unga og ungdomma på Ål sumaren 2010. Duvele bra - so no kan ungadn på Ål (og are plassa om dei kjem se te Ål) glede seg te snøen smelta og sykladn kan smørast upp te bruk atte. Kor mondag frå ette påske ein gøng bi`re sykling på Ål på mondagadn klukka seks. Ole Martin - årets andebarkjarDet va ein jamn, uhørvele jamn, kamp om å bia årets andebarkjar.I år va det heile fire som va verdige kandidata. Dessa va Ole Martin Slettemoen Brenno ell Brenno Slettemoen ell noko slikt, Ole Bjørn Tretterud, Nils Gunnar Arnegard og Kjell Vidar Bidne. Tå dessa fekk Nils Gunnar og Kjell Vidar fire stemmu, Ole Bjødn måtte nøye se me tre - medan Ole Martin knuste all motstand med heile fem stemmu. Dei va nominert på ulikt, men temmele likt grunnlag. Nils Gunnar førr å ha vønne køppen og Grenserittet. Ole Bjørn førr å væra Ole Bjørn og ikkji minst førr ein sterk åttande plass i Birken. Kjell Vidar førr å væra klubbens beste eksempel på breddeidrett. Han ha stilt upp på alle dei ritta han ha hatt sjans te - både i køppen, Hallingritet og Birken. Å her snakka me om ein mann som ikkji ha gjort mykji fysisk dei siste åra. Detta står det respekt tå. Uhørvele gødt jobba - han e uanset ein vinnar sjølv om han ikkji vart kåra i år! Ole Martin vart nominert førr at han e eit stort talent. Han ha hevda se gødt i køppen og pelt dei store karadn langt uppi nasen - sjølv om han eigentle e eit år førr liten te å væra med. Han ha gjort det bra i fleire ritt og va te og me hovudårsaka te at det vart eige juniorklasse i Hallingrittet. Verdt å neme e me at han sykla ein tå dei lengste etappudn i Tour De Hallingdal med brøte handledd. Lell va`n blant dei fyste i mål. Han ha me byrja på eit sykkelgymnas også burtette også burtette! Satsingsgruppa te AndebarkjiFrå og med omlag no, ell rettare sagt om femogførtimenutt, ha Andebarkji eige elitelag.Detta e ei spissing førr at dei som ynskje og ha talent te å satse sko få den uppfølgjinga me era i stand te å gi. Dei som e me å satsa på å markere se med Andebarkjidraktudn e i år ei spanandes samansetning. Ole Martin Slettemoen Brenno (ell som sagt litt lenger upp, noko slikt), Nils Gunnar Arnegard og Martin Haugo. Martin ha allereie etablert se gødt i tøppsjiktet i Noregseliten. Nils Gunnar og Ole Martin ha me hevda se gødt og det bi duvele spanandes å sjå kor detta ber te. Me sko legga upp te slik ein blågg på sia her, slik at karadn heile tide sko halde uss uppdaterte på ko dei gjer og kem dei gjer det me! Førr å dekke kostnadan me denna satsinga (blant anna me eige trenar) sko me blant anna laga te eit slikt sykkelhefte atte. Dessa gutadn ha hovudansvaret førr å selja annonsu. Sykkelhefte 2010So e hefte attende - eit stort savn hjå både hallinga og tereisandes sko no dekkast atte.Sjølv vart e duvele overraska då e i sumar jobba på Intersport på Gol og det faktisk va fleire innom å spurte ette detta hefte. Stort sett tereisandes. Te å me unde Hallingrittet va heftet savna - ja førr der ha me jo fått løv te å legga me hefte. Lell i år kjem heftet (ell te neste år då) atte. E slik noko med slike turtips, men ha ein "bakveg" om e ikkji kjem heilt i land. Det e blant anna ein kar i Valdres som prøve se te me å grete se te eit stykkje derifrå ... Annonsu sko finansiere hefte og overskytandes peng sko gå uavkorta te satsingsgruppa. Annonsudn køsta framleis 1000 kronu og om du alt no veit at du vil ha ei slik ei, sende du eit skjermbrev te president Nymoen med ein einaste gøng - ja førr her kan det snøgt bi utsolgt må veta! Ritt og køppa i 2010Årsmøte i Andebarkji vedtok, te store protesta frå dei indre kretsidn i gatemiljøe, å kutte ut landevegskøppen te førrdel førr kraftigare satsing på Tour De Hallingdal - der målet no e 100 ryttera.Det vart me vedtikji at Andebarkji sko gjera sitt førr å stille eit eige lag i Pro Tour Valdres, samt teby at ei tå etappudn i Tour De Hallingdal samstundes kunn være ein del tå Pro Touren. Lell - førr at Terje Bøygard ikkji skull starte å grine unde møte, vart det me vedtikji at Solseter 1212 (ell noko slikt) framleis sko væra eit treningsritt - ell rettar sagt to treningsritt. Samt at det sko væra eit eige klubbmeisterskap i temposykling. Terrengkøppen held fram som i år, ell i fjor sea klukka snik se stadigt nærmare tjugeti. Ja ikkji ti øve åtte om eftan, men sjølvaste året tjugeti. Årets terrengkøpp ha vøre ein stor suksess, spesielt ha dei nye traseadn vønne mykji hederle omtale. Det bi spanandes å sjå kor det ber te i tjugeti! SpareBank1 køppadn 2009 - vinnera!Landevegskøppen vart i år vønne tå Gjermund Kvåle Jordheim, med Terje Bøygard på are og Ole Christian Nymoen på trea. Detta va ungfoludn, ell kara myljo søtjan og førtiniår.I gruppa førr gamlinga, va det ingen som hadde sykla nøk te å vinne noko i det heile tikji. Detta vart nøk førr hardt førr dei teårskåmne ja. I gruppa førr småjentu, va det ho Kari Rommen Syvertsen som va ein klar vinnar. Uttaomvegskøppen va noko bære når det gjaldt pengesugne syklista, so der e det langt fleire klassa me vinnera i! Liv Birgit Jorde vann nøk ein gøng gruppa førr jentu myljo søtjan og førtiniår. Birk Bjerkrheim vann klassen førr småkara myljo ølløv og tolv år, medan Ruben Strand, Kjetil Andre Bjerkrheim og Andreas Jorde tok dei tre fyste plassadn førr guta som e slik ein femtan sekstan år gamle. Bland dei noko eldre karadn, va det unggutadn som tok dei tre øvste plassadn. Nils Gunnar vann knapt fyri Ole Martin og Jon Petter å trea (Arnegard, Slettemoen Brenno/Brenno Slettemoen og Modalen) Når det gjeld klassen førr eldre juniora ha e skrivi førr hand at vinneradn e o.b.t -> h.p.m ->a.p.k. E tru atte det kan bety at Ole Bjødn Tretterud vann fyri Hans Petter Modalen og Alf Petter Kahrs. Høppa tå i svingen!E va nett vørte sekstan og hadde tikji te på viaregåande uppå Ål. Ny skule og nye klassekamerata. Nokon tå dessa voro slike sprekinga frå Geilo, som blant anna sykla ein del.Dei voro ikkji bærre spreke, det viste se me at dei voro nokon tøffinga som tura full og reiv postkassu i heljidn. E førr min del va ikkji særle tøff e, so e nytta helde heljidn te å vaske talikka på Pærs Hotel på Gol. So e fatta ikkji so mykji når dessa geilingadn svalla og skraut tå heljis bravada. E trudde jo bærre gøtt om slik sprek idrettsungdom e … Dei nemde titt og øfto at dei hadde vøre på tur med ei Thea. Dei skraut og skråla om at det hadde gøtt duvele snøgt, so snøgt at dei knapt hadde røkke å høppe tå i svingen fyri det bar or … Ja førr utta gummi va det tryggast å høppe tå fyri noko gale skull hende. E skjøna ikkji stort tå ko som kunn vera so gjilt med å høppe tå i svingen, ja førr det måtte jo væra sykling dei svalla om. Ikkji fatta e at det va noko forskjell på å sykle i svinga med slangelause dekk, ja i stella førr vanlege hjul med gummislanga hell. Du veit det køsta ekstra førr slike hjul, ek`je alle som kan unne se slikt må veta! E va`kje tå dei kule på skula, e va meir det motsette. Ein noko stuttfallen kar med meir dråpefårma krøpp. Ja e va so smal øve eksladn at skulesekken bærre sklei neråt og stoppa fyst like ovom vomme. So det e vel ei kjensgjerning at detta med jentu ikkji låg heilt førr me. Ja koss kunn e bli ein kul kar – e funderte lenge og væl. So kom e på at me hadde ei jente te i klassen. Ikkji heilt sama standard som ho Thea, men det e ikkji alle forunt å plukke frå den øvste hylla. Dessutan va det ein førrdel te me ho Hjørdis, som voro frå Vats og hadde sama far og onkel, ho hadde nemle knappast noko sidesyn. So om e bærre stelte me noko te sies førr ho – ja so kunn det jo væra slik at ho ikkji såg me og svara ja i rein refleks. So seint ein fredag, ja seint på skuledagen, tok e te mot og stelte me upp noko te høgre førr ho Hjørdis. Stoltra fram og lurte på om ho kunne tenkje seg å væra med på ein tur – ja ein sykkeltur i helji. E hadde duvele tur, førr ho svara ja. Og når lurdags eftan kom voro me klare te in tur innpå åsen uppi Vats. Ho va sprek med føto denna jenta, so det gjekk radigt innete grusvegan. Ette eit bel bar det attende mot bygde. Me nærma uss Tullegardan og e trøkka upp på sia tå ho. Ell rettar sagt noko frammom slik at ho såg me. Ikkji noko tetalandes syn der e nytta væl tettsitjandes kleu og hadde antydninga te bar valke myljo sykkelbroke og skjurta. ”E bruka gummi”, sa e og glisa gødt. ”Bra – førr det e tryggast førr uss båe”, svar ho. E vart forundra. Om det va tryggar å sykle med gummislanga enn med slangelause hjul. Koffor sykla då dei tøffe karadn med slangelause dekk då? Om dei voro mindre utrygge kunn dei jo sykle snøggar inn i svingadn med gummi enn utta. E fatta mindre og mindre. Men lell – e ville me bi ein tå dei kule karadn og når e endele hadde fått lurt me me ei jente på sykkeltur – ja då skull e gje tå me sjølv e me! Det nærma se Vats, so no måtte noko skje. E kunn jo ikkji vente te me voro heime på garden hjå ho Hjørdis. E kunn jo ikkji høppe tå når føreldra hennar såg på … E bestemte me. No skull det skje. Det gjekk styggfort, tyngdekrafta bidrog te det. Lell tråkka e te og for frå ho Hjørdis. En krapp høgresving nærma seg. I ytterkant va det ei grøft og nåkre halvsvære steina fyri det va noko bjørkeskog utette skråninga. E ga alt e kunna – det va no ell alder … Svingen nærma seg – e tråkka te og reiste me upp. La inn ein liten sving te høgre og pressa inn bremsudn på framhjule. Det stastod og e fekk ein ekstra dytt i det e satsa alt e kunn å høppa tå sykkeln. E trudde alder e skull lande, men gjorde det lell. Fyst med panna, so va det nasen som skrubba burtette småsteinadn fyri e fekk bremsa upp noko med tennadn i undekjaften. I det e følte at det meste nøkk va undagjort traff eksla ein eiskle svær stabbestein og kasta me upp i ei lita bjørk. Bjørka va`kje heilt sterk nøkk førr me, so ho braut saman og e gjekk kast i kast nedette skråninga og braut eine handa. ”Jizez – hva har intruffet Dem?” Undra ein tå geilingadn tå e kom på skula mondagsmørgon med brøte arm, blåveis, nøkle færre tenna og åtte sting i panna. ”E va på tur me ho Hjørdis og høppa tå i svingen!” – svara e. ”Heftig – hun må det være fart i, hun skal jeg bli kjent med”, svara geilingen. Ette det va e plutsele tøff nøk e me, sjølv utta å heilt fatte ko som va so gjilt me å høppe tå i svingen … E ha alder høppa tå i svingen ette detta! Huttemetu førr eit år …So e nøkk eit år førrbi. Jule nærma seg uhørvele snøgt og mange tå uss ha alt kjøft inn årets nyvinning frå polet – Antibaccevitt.Førr uss i Andebarkji TSK ha det vøre eit duvele gødt år. Ikkji bærre sportsleg, men me på slike personlege siu. Ja du veit – her i Hallingdal era me gødt kjende førr å væra nøysame, ell gjerrige som mange kalla det. Det e diførr med eit varmt hjarta e kan rette ein stor takk te fleire tå årets rittarrangøra. Dei ha all jobba gødt førr at me i Andebarkji ha fått meir førr pengadn. Fyst va det Halling- og Valdresrittet som gjekk i lag å stelte i stand slik ein ValHallCup der snøggaste mann og kjæring vann samanlagtprisa. Væl å bra med premiadn, men noko va endå bære … Me fekk nemle slik rabat om me meldte uss på båe ritta med ein gøng. Rett nøk vart det femti kronu meir førr uss Andebarkjera sea me fekk klubbpris på Hallingrittet. Men lell då gut – det va no uhørvele gødt å kunna bidra te at valdrisadn fekk noko mindre peng i kassa. Ja førr det gjer jo ikkji noko om e tapa lite, bærre naboadn tapa meir … Glea va ikkji noko mindre når me noko seinare i sesongen fann ut at Birken hadde vørte noko lenger … Tenkje seg te – no fekk me væl ein kilometer meir førr pengadn. Sjølv den tøffaste Andebarkjaren måtte nøkk grine ein skvett i pur glede. Om ikkji detta va nøk, klina Birkenarrangøradn te å ga oss noko meir … Ja noko få om kansji ingen hallinga ha tikji se råd te. Noko duvele dyrt og eksklusivt. Ja dei inkluderte slik ei SPA-behandling te alle som stilte upp te start. Me veit at dei tek burtimot tusingen førr ein time gjørmebad på Vestlia på Geilo. Sjølv førr dei snøggaste syklistadn i klubben innabar detta ei gåvepakke på meir enn tre tusen kronu. Det e mykji peng det, tenkje seg te du! Men det ha skjedd ting ute i værda me, ja sjølv utanførr Hallingdal kan det tyde på at følk tyr te sykla. Om du kjem te å sykle i Kongo, ja då lyt du hukse noko viktig. Ikkji gjer noko gale ell vær i nærleika tå nokon som gjer noko gale, førr då e det om lag som å hyre inn ein handverkar … Ja du ana ikkji ko som skjer, men det bi duvele dyrt og du kjem te å slite livet ut med å betala. I Frankrike har reiselivsnæringa tikji klimakrisa på alvor og erstatta dessa turbussadn med sykla. Væl 200 syklista trøkka rundt og såg på vingarda, fjell, vatn, gamle hus og mykji rart. Best tå alt – dei sende heile turen på fjernsynet. Heilt utrule at dei kunn væra so miljøvennlege. 200 syklista tesvara om lag fire turbussa, det i seg sjølv e ikkji mykje te klimabidrag. Men e ha`kje tal på kor mange bussa som hadde rulla rundt i alpadn om alle me som såg på og vorto gødt kjende i Frankrike måtte tikji turen sjølve. So detta – ja detta står det respekt tå. No som veten ha tikji øve, ha syklistadn her i Hallingdal endele kåme se unda vegadn og innandørs der dei ikkji plaga nokon bilista ell sykla førrbi traktora. Men det ha skjedd noko nytt og banebrytandes hjå uss når det gjeld slik innandørs stilleståaendes snøggsykling. Det e meir damu enn nokon gøng tidlegar. Koffor det? Jo du veit, denna vaksina mot ribbesnua. Det kan sjå ut te at jentudn ha tikji denna sprøyta å endele tørr å kåma ut te uss teårskåmne karadn med tettsittandes kleu og svettelukt – men jentu, denna sprøyta hjølpe ikkji mot gamle grisa … So gødtfølk – takk førr ein duvele god sesong og lukke te te neste år me:-). |
|

















