Birkebeinerrittet

Kanon dag for Katrine Seim, Aleksander Fjeld Andersen og Martin Haugo!

Det vart ein våt dag frå Rena te Lillehammer lurdan. Så te dikkon som feiga ut i siste liten hadde re nøk varmare heime en me som sykla. Var mykji kaldare tur i år enn i fjor. Så te årets prestasjona. Ungdomsklassan sykla rundløype rundt målområde og der fekk me endeleg ein fysteplass te Katrine Seim i jentu 12 år og ein sterk areplass te Aleksander Fjeld Andersen i guta 13 år. Store gratulasjoner te dikkon begge.

Martin Haugo traff formen så re sang ette, og gjorde sist livs sykkelløp lurdan. Martin kom inn på 7. plass i eliteklassen og den prestasjon va heilt rå. Dikkon som såg litt på TV fekk me at Martin hadde ein knallåpning opp te Skramstad, mista desverre teten gjønnom Djuposet, men stod fram som den sterkaste i gruppe 2. Vart kun 2 min bak vinnarn i mål. Vart nr 3 i klassen 25-29 år. 2.59.18 brukte Martin over fjellet. Les meir på www.martinhaugo.com

Nok ein bra plass fekk me i D70-74 år med Gerd Lysne Johannsen. Ståle Grøthe hadde me ein sterk dag, og kom inn på 3.15.33 som heldt te ein 28. plass i guta 30-34 år. Ole Bjørn Tretterud kom inn på ein 13.plass i 50-54 på 3.21.05 så han greidde i år me å slå dei fleste frå klubben. Debutant Ketil Andre Bjerkrheim fekk det litt tøft på slutten, men kom inn på ein sterk 7. plass i guta 17-19 år på 3.30.59 som va ikkji så langt etter far sin Tore 3.23.55 som me fekk det tøft på slutten. Tore gjekk heilt tom og sleit med å halde varmen dei siste mila. Heile guten fraus så han skalv som eit aspelauv då’n kom i mål. Fekk bert han rett i dusjen med klæun på. Øyvind Aa 3.44.04 gjekk på samme smellen som Tore.

Nils Gunnar Arnegard hadde ikkji dagen sin, men kom lell inn på 3.24.56 som heldt te 31.plass i guta 20-24 år Her fekk Hallgeir Nordheim ein 42.plass med tida 3.29.50. Eivind Torsethaugen heldt formen sea Gaurhovdrittet og kom inn på ein sterk 18.plass i kara 60-64 år 3.56.15 som var beste resultat for Eivind på Birken nokon gøng. Ole Christian Nymoen kjørte me ein gødt ritt og kom inn på 3.28.16 som heldt te 101.plass i kara 40-44 år

Are resultat frå Hallinga finn du HER

Legg att eit svar