Årsmøte 2007

Ein merkele tradisjon i alle aksjeselskap, klubba og foreninga e at dela tå styret møte førr å gjera upp status ein gøng i året. Detta kallas årsmøte.

I Andebarkji era me so heldige at det kjem ein bråta med engasjerte medlemma i tillegg te eit amputert styre.

På møtet 28. desember 2007 va det, ikkji overraskande ingen frammøtte når møtet starta. Dei fleste era vande med at me tørpinga kjem lite seint, so i år komo me fyst.

Alt i alt voro me søtjan uppmøtte. Tå dessa va fire frå styret og to utta medlemskap. Han eine utta medlemsskap hadde rett nøk med seg ei fullmakt frå Øystein Jorde, men denna vart ikkji godtikjin tå styret.

Fullmakta laud som følgjer: “Eg, Øystein Jorde, gjev Svein Anders Skarsgard min stemmerett ved årsmøte 2007 i Andebarkji TSK, men fråskriv meg med dette det fulle og heile ansvaret for alle Svein Anders Skarsgard sine handlingar for i kveld og all framtid. Kva enn han måtte finne på, vil aldri dette kunne falle attende på meg. Underteikna Øystein Jorde”.

Te meddan ette møte voro me nokon fleir. Rett nøk valte ho Liv Birgit Jorde å eta på Shell, men kjæringadn te Ole Bjørn Tretterud og Gunnar Haugo komo i tillegg. Det sama gjorde ei skrekkele ven dame te, ei som visstnøk voro nokon å førti – heilt utta å sjå slik ut. Ho kom i lag me kjæringji te`n Gunnar.

Presidentens tale
Me era gødt vane med at den eine gøngen i året me fær sjå sjølvaste presidenten i Andebarkji e på årsmøte. Forventningane va diførr skyhøye hjå årsmøtedebutantane, men dei komo se fort ner på bakkjin når dei fekk høyre at han va sjuk så sjuk.

Svein Ivar Moen ha siti på trona i 10 år og har vøre med på alle årsmøte so langt, men i år valde`n å sita på do heime i Lillehammer. Huttemetu. So våre tankju gjekk heilt klart te kjæringji has, ho Mona.

Årsmeldinga va diførr overbrakt med brevdue frå Sjusjøtraktudn. Dua vart forøvre servert seinare på kvelden.

Det va sjølvaste Ole Bjørn Tretterud som fekk æra med å lesa upp årsmeldingji i år.

Detta va ei forrykandes tale med revulusjonerandes innhald om at styret i år ha vøre samla i eit møte. Og at alt hø vøre bra i klubben.

Vel det va noko meir, men alt bi tikjin upp unde kor einaste sak utover i detta referatet. Diførr ha e valt å spara tastaturet og bærre ta det upp ein gøng.

Peng og slikt
Sjølvaste sjefsøkonomen, Onkel Skrue Tretterud, la fram fjorårets budsjett – noko han me gjorde for eit år sea. Men denna gøngen førr å samanligne med regnskapet.

I fjor voro med svært så optimistiske ette å ha hatt eit durable bra debyår med heftet og diførr trudde me på at me skull dra inn mykji meir på heftet i år enn i fjor. Detta skjedde ikkji, rett og slett førr at ikkji mange nøk va flinke nøk te å selja annonsu. Dei som solde gjorde det svimlandes bra, men dei are følgde ikkji upp.

Me gjekk diførr på ein smell sett i forhold te budsjettet.

Kort fortalt brukte me 26 188 meir enn det me fekk inn i løpet tå året. Detta te tross førr at fekk vesentle meir inn på medlemskontingenta, men mindre inn på reklame.

Det som ha “tappa” uss i år, e mellom anna at me ha kjøft inn innandørs stilleståandes snøggsykla førr nokon å førtitusen og at me ha sponsa sykkelkleudn med tjugefemtusen kronu.

Dessa spinningsyklan står no på klubbhuset på Tørpo og gjev god inntekt. Bærre i år ha me meir enn tjuge tusen i inntekt, so me are ord e detta eit kjøp som vil gje klubben peng i kassa på sikt. Altso ein utgift teinntekts ervervelse som det heite i reknskapslova.

Underskuddet vart einstemmig vedtikjin med jubel ogaplaus – nett som på eit kommunestyremøte i Hattfjelldal ell Narvik kommune.

Te tross førr underskuddet ha me framleis meir enn femtitusen kronu på bok og me ha samstundes budsjettert med eit gødt overskudd komande år.

Detta sko me oppnå gjønnom at me i førrbindels med jubileumshefte sko selja meir annonsu, samt at me ha fornya nokre sponsoravtalu som gjev svært bra betingelsa te klubben.

Me vedtok me at, te tross førr at det kan sjå bære ut i tide som kjem, sko me ikkji investere framtidige overskot i hedgefond formidla tå Terra.

Medlemsmassen
Dei siste to åra ha me auka medlemstalet frå 81 te 218. Me håpa på å kunne auke te omlag 250 medlemma i 2008.

Detta, i kombinasjon med at me auka kontingenten i fjor, gjev klubben svært gode inntektu på medlemmadn.

Val og slikt
Valkomiteens formann, og einaste representant, Aslak Botten la fram eit forslag om at det sitandes styret skull førtsetta å sita.

Forslaget vart vedtikjin fyri det vart framlagd og alle va vel temmele nøgde med det.

Styret førr 2007 besto tå:

  • Svein Ivar Moen – President
  • Ole Bjørn Tretterud – Finansminister
  • Gunnar Haugo – Styremedlem
  • Geir Kåre Øen – Styremedlem
  • Thorgeir Røer – Styremedlem
  • Håvard Bjørkedokken – Ungdomskontakt
  • Kjell Ola Sagabråten – Labb og Linesjef

Styret førr 2008 vil bestå tå dei sama som ovanførr.

Kjell Ola Sagabråten hadde eigentle tenkt å trekkje seg, men valkomiteen ha ikkji fått noko melding – so diførr bi“n sitandes eit år te …

Dugnada
I 2007 ha me voro med på tre dugnada. Detta va Labb og Linerittet i samband med Hallingrittet, Tour Of Norway For Kids og Labb og Lineløpet på Goldagadn.

Mange stilte upp og gjorde ein framifrå jobb, men nokre stilte ikkji upp og gav heller ikkji beskjed – medan are stilte ikkji upp men gav beskjed.

Me prøvde uss på å be følk melde seg frivillig – noko som resulterte i at dei som alltid stille upp meldte seg nøk ein gøng. Detta va“kje nøk so me sende me ut ei liste, noko som vekte harme hjå mange:-). Lista kom forøvre lovle seint ut.

I år, det vil sea te neste år, sko me ha denna lista klar te utsending saman med giro og hefte like ette påske. Det vil diførr væra lettare førr dei som bia seti upp te å skaffe vikara om ein sjølv ikkji ha hug te å gjera jobben.

Lell – te alle dekan som stilte upp, takk sko dekan ha.

Te neste år veta me so langt om to dugnada. Det e Labb og Linerittet og løpet. Henholdsvis dagen ette Hallingrittet og på Goldagen. Me veta enda ikkji om det bia noko Tour of Norway, men me ha sagt at det sko me ha dagen ette Goldagen om me ska væra interesserte.

SpareBank 1 køppen 2007
I løpet tå SpareBank 1 køppen 2007 va det totalt 94 syklista som va med i eit ell fleire ritt.

I nokre tå klassudn voro det nokon færre en åra fyriåt, mens det blant dei yngre gutadn va god tevekst.

Me ha framleis lite få damu som sykla, men all honør te dei som gjera so.

Køppen hadde følgjandes vinnera:

  • Jon Petter Modalen – M 16-49
  • Hans Petter Modalen – M 50-104
  • Liv Birgit Jorde – J 16-49
  • Marte Hansen – J 14-15
  • Ole Martin Brenno – G 14-15
  • Vegard Tveit – G 12-13
  • Alexander Fjeld Andersen – G10-11

Tå dessa va det bærre ho vakre vene Liv Birgjit Jorde som møtte upp førr å motta ære og berømmels.

Te neste år vorto me einige om å hukse å invitere alle vinneradn slik at dei møte upp og fær premiadn sine.

SpareBank 1 køppen 2008
Me ha fornya avtale med SpareBank 1, slik at det bia slik køpp i endå tre år.

Førr komande sesong bi`re nokon endringa. Det e nemle yttra ynskje frå gategutadn at det sko bia meir fokus på landevegssykling me. Dei truga med å laga eigen klubb og eigen køpp, men me fekk te det best tenkjelege resultatet.

Køppen bi te neste år utvida førr dei eldste karadn og kvenfølkji. Førr dessa bi`re no ni ritt der fem sko gå i tæreng, medan fire sko gå på landeveg.

Eit tå dessa fire bi`re tradisjonelle temporittet, medan eit anna bi ein del tå Tour De Hallingdal (landevegsrittet i juli). Dei to resterandes gateritta bi avvikla i månadsskifte april/mai.

Tå tryggleiksmessige årsaka vart det vedtikjin at det bia sekstanårs grense på landevegsritta. Samt at det bia krav om lisens førr å væra med. Det siste førr at utøveradn sko ha forsikring.

Førr dei som era yngre enn sekstan bia køppen som han ha vøre. Altså seks ritt der fire tå dessa tell i samandraget.

I førrbindelse med køppen sko me me laga te ei kasse med startnummer, kløkku, fystehjølpssaku og anna som dei som sko arrangere ritta treng. Detta førr at det sko bia lettare førr dei som sko avvikle konkurransudn.

Me sko me laga te ei dataløysing som sko gjera det lettare å fikse resultatlistudn.

Tour De Hallingdal
Gategutadn sko gjenta årets suksess med landevegsritt i slutten tå juli.

Detta bia eit ritt med seks etappu og kjem te å gå i perioda 23. te 28. juli.

Meir informasjon om detta kjem på nettsiudn om eit bel.

Årets Andebarkjar
Som seg hør og bør vart det me i år valt ein Andebarkjar som ha utmerka seg.

Det va i fyrikant kømen inn tre forslag:

  1. Jon Petter Modalen
  2. Gjermund Kvåle Jordheim
  3. Nils Gunnar Arnegard

Alle tre nominert på grunn tå fremragandes prestasjona sesongen gjønnom.

I tillegg vart det fremma eit benkeforslag på Liv Birgit Jorde førr alltid å stille upp i både konkurransu og dugnada, fremragandes sykling gjønnom ei årrekke og bærre førr å væra seg sjølv.

Det vart ikkji noko javn kamp i det heile tikji. Liv Birgit stakk tå med 10 stemme, Jon Petter med 3 og Gjermund med 2. Ei stemme va me blank, kem no enn denna blan e.

Lett huguregning vise at det va ein lapp meir enn stemmeberettiga medlemma testades.

Me gratulera Liv Birgit med ein vælførtjent hedersbemerkning.

Sponsoradn våre
Vår hovudsponsor gjønnom 9 år – Bilplaneten – ha no trøkke seg ut tå samarbeidet grunna eigerendringa.

Me takka førr det utrule gode samarbeidet gjønnom alle desse åra.

Ut år og XL1, også detta grunna eigarskifte.

SpareBank 1 ha fornya og absolutt forbedra avtala førr dei komandes tre åra.

Hard Rocx står ved si sponsing gjønnom subsidiering tå kleudn, noko me Tretterud Sport gjer.

Inn kjem Hallingplast atte og me ha von om at både Steinmoen Trevarefabrikk og Defa me bia med på å sponse uss.

Nye kleu
Grunna endringa i sponsorsamansetninga, lyt me no laga nye kleu.

Dessa fær nytt design og kansji me nye fargu, noko me kjem attende te.

Me sko me sjå på mogleheita førr å laga eigne damemodella og om me kan trykkje inn refleksa.

Kleudn vil bia noko dyrare enn dei ha voro so langt, detta førrdi klubben te no ha subsidiert kleudn. Det lyt me slutte me ha revisoren vår sagt.

Jubileumsåret 2008
Som den årvakne medlem ha merka seg, fylle klubben 10 år i 2008. Noko me sko markere gødt.

Jubileumshefte
Eit nytt nummer tå Sykling i Hallingdal står klart. Det meste tå tekst e skriven og annonsu førr meir enn femtantusen e alt solgt.

Heftet sko væra klart te å sendas ut like ette påske. I fyste halvdel tå januar bi`re sendt ut informasjon om annonsesal og slikt.

Ha du alt no bestemt at du sko ha ei annonse, ja då kan du bærre gje lyd frå deg.

Jubileumsfest
Det vart me vedtikji at det te neste år sko væra ei jubileumstestelning på Tørpomoen i september/oktober.

Me tek då årsmøte og årsfest med premieseremoni og full pakke.

Styret kjem attende med nærare informasjon.

Det va det
E tru at det va det frå årets årsmøte, e huksa iallfall ikkji meir no!

Då e det bærre att å takke førr eit gødt sykkel år og ynskje hell og lykke te neste år atte!

Helsing uss i (sykkel)styre.