Årsmøte 2006

Trea joledag 2006 vart det halden eit grensesprengande årsmøte i Andebarkji TSK. Du undra kansji no på om det vart vedtekje at klubben sko bi me på Tour De France, om Gunn Rita Dahle ha meldt overgøng te uss ell ko som ha skjedd. Jo det sko e sea deg. Du vil nøk ikkji tru at det e sant, men heile familien Tretterud va te stades fyri møte starta. Det ha vel alder tidlegar skjedd.

Rekorduppmøte

Årsmøte 2006 satte rekord når det gjald deltaking frå medlemmadn. Heile sekstan medlemma møtte upp, mot nokre og tredve dei seinaste åra. Val tå onsdag trea joledag kan ha vøre ein medverkande årsak te detta.

Styret tek detta te etteretning og kjem te å vurdere ein annan dato førr neste års arrangement.

Rosandes omtale

Leiinga på Pærs Hotel e no svært nøgde med uppførselen te Andebarkji dei to siste åra. “Det e nestan som me savna nokon tå krumspringa tå dessa spreke syklistadn” si ein anonym kjelde ved hotellet.

Detta vart nøk eit årsmøte nestan heilt utta tarveleg framferd.

Årsmelding

President Svein Ivar Moen la fram ei glitrandes årsmelding med uhørvele mykje positiv utvikling i året som ha gått:

  • Medlemsrekord
    Me ha per 31. desember 2007 heile 181 betalande medlemma, detta e ein uppgång på rundt eit hundre prosent frå i fjor. Noko som e utrule bra!
  • Suksesskøppen
    Meir enn eit hundre ulike syklista ha vøre med på eit eller fleire ritt i SpareBank 1 Køppen. Uhørvele bra!
    Det e også svært gledeleg at det i år ha vørte me mange yngre ryttera, noko som vise at det e god rekruttering i klubben.
  • Innandørs stilleståandes hurtigsykling
    Duvele bra uppslutning rundt det nye tebodet me ha fått gjønnom Bilplaneten
  • Nøgde sponsore
    Både Bilplaneten og SpareBank 1 Hallingdal uttrykkjer stor glede øve å kunne samarbeide med Andebarkji
  • Bra deltagels i Birken
    Meir enn femti hallinga sykla Birken i 2006, noko som me kjem te å skje i 2007.
  • Utmerka innsats i are ritt
    Mange Andebarkjera ha sykla og vist seg fram i are ritt. Her vil me spesielt nemne Hallvard Søndrål som sykla i Afrika, Ole Bjørn Tretterud som kom på sjetteplass i Grenserittet og Ståle Grøthe som utmerka seg i Viking Tour.
  • Infohefte: Sykling i Hallingdal
    Heftet om sykling i Hallingdal vart ein braksuksess førr klubben og ha medvirka te auka i medlemsmassen og ikkji minst gjett klubben rosandes omtale i både riksdekkandes og lokale media. Heftet va med ein stor bidragsytar te blomstrandes økonomi i klubben.
  • Populære nettsidu
    Andebarkji.com ha vist seg å væra ei uhørveleg populær nettside som fær skryt omkring i heile verda.
    Statistikken vise at det i gjønnomsnitt e rundt førti innom siudn kor dag heile året. Sjølvsagt e det vesentle mindre no om veten, so det si noko om kor populære dei era resten tå året.

Årsmeldinga vart godkjent utta innspel.

Peng og slikt

Økonomien i Andebarkji e som seg hør og bør i ein klubb som ha hovudsete og bi styrt frå Hallingdal. Me are ord e det ein solid klubb med god utvikling.

Samla inntektu i 2006 va omlag 113 000, medan køstnadan va noko lågare – detta medførte at pengebingen ha auka frå 31 000 te 70 000 inneværandes år.

Inntektsauka skyldas at me ha jobba gødt med sponsoradn som ha bidrege gødt (me lyt diførr takka både Bilplaneten og SpareBank 1 Hallingdal). Ei auke i medlemskontingenten frå 100 te 150, samt at me fekk langt fleire medlemma, ha og vøre med på å auke inntektudn radikalt.

Me ha og fått eit gødt overskot på produksjonen tå sykkelheftet vårt, noko me me sko gjera i 2007.

Førr 2007 bi det ingen endring i kontingenten, men me regna med auka inntektu gjønnom heftet og ei framleis auke i medlemsmassa.

Me sko me køyre meir på førr å få me fleire på spinninga, då detta og gjer auka inntekt førr klubben.

Rekneskap og budsjett vart me godkjent utta innspel.

Val

Valkomiteen, beståandes tå ein uvitande Aslak Botten, tykte det sitjandes styret ha gjort ein duvele bra jobb og hadde ingen ynskju om ell forslag te nye styremedlemma.

Det sitandes styret sit dermed framleis på ubestemt tid.

Aslak Botten bi me sittandes viare som valkomite med hovud uppgåve å finna nye styremedlemma dersom nokon tå dei inneværandes finn ut at dei ikkji lenger ørka alle styremøtudn – ell det bi vedtikji at styret sko utvidas.

Premieutdeling

Som vanleg vart det delt ut premia te vinneradn i dei ulike klassadn i SpareBank 1 Køppen. Vinneradn fekk pengepremia, gjeven tå SpareBank1 Hallingdal

Det vart me trekt ut ein ekstra premie blant dei som ha deltekje i fem ell seks tå ritta. Denna gøngjen vart det Ole Christian Nymoen som kunne spe på lommebokje si med ein tusing ekstra.

Årets Andebarkjar

Også i år vart det delt ut premie te ein Andebarkjar som ha utmerka seg med ekstraordinær innsats førr klubben. Dei nominerte i år va:

  • Kjell Ålrust
    Gjønnom ei årrekkje har denna krabaten tatt uppgåva med å halde styr på papiradn te kasseraren. Slikt krev mot, vilje og kunnskap.
  • Jon Petter Modalen
    – Suveren vinnar tå SpareBank 1 Køppen under 16 år
    – Eit stort talent som kan nå langt
  • Tore Medgard
    – Ein tå mange nye unge talent som kan nå langt
    – Framifrå innsats i både køppen og are ritt
  • Tore Bjerkrheim
    – Årets vinnar tå køppen
    – Beste Andebarkjar i Birken
    – Største annonseseljar te infoheftet
  • Hallvard S Søndrål
    – Sykla myljo løvu og elefanta i Afrika, bærre førr å marknadsføre Andebarkji
  • Thorgeir Røer
    – Ein tungvektar innan sykling med framifrå utanomsportsleg innsats i førrbindelse med heimesiudn, infoheftet, gjønnomføringa tå køppen og pressedekning i dølalappen.

Det vart eit tett uppgjer myljo Tore Bjerkrheim og Thorgeir Røer om årets gjeve tittel. Båe ha tidlegare fått sama utmerking so dei visste begge ko detta ha å si førr ære og berømmels i miljøet her i Hallingdal.

Te slutt va det Thorgeir Røer som vann, mykje takka førehandsstemmudn frå Arild Nalum og Runar Opheim.

I førrbindelsen med denna kåringa fekk me Geir Kåre Øen sin deby med uppgåvu i styret. Han ha siti i styre det seinaste året og fekk no moglegheiten te å væra kontrollør under avstemminga tå årets Andebarkjar. Han gjorde ein framifrå innsats og kan sjå fram te fleire liknandes uppgåvu.

SpareBank 1 Køpp 2007

Det bi ingen markante endringa i neste års køpp då dei fleste uppmøtte va gødt nøgde med dei ulike ritta.

Følgjandes vart vedtikji i førrbinnels med køppen 2007:

  • Tempo bi framleis på grus
  • Løypa på Ål må markerast bære
  • Framleis bakkeritt i Hol
  • Starten på Nes bi flytta noko
  • Ingen endring på Gol
  • Gaurhovdrittet bi flytta te lurdag
  • Klubben sko kjøpe noko merkeutstyr
  • Det bi laga ulike skilt med retningspilu
  • Det bi laga skilt “Sykkelritt pågår”
  • Fystehjølpsutstyr bi kjøft inn

Det vart med vedtikji at me sko jobbe aktivt førr å få fleire syklista med på køppen, då spesielt ved å rekruttere følk te å sykle i trimklassen.

Detta ha me tenkt å få te ved å:

  • Bedriftsverving
    Me kjem te å utførdre bedriftidn te å stille lag, der den bedrifta som ha flest deltakera me vinn årets tevling.
  • Idealtid
    Me etablere ein form førr tidtaking der vinnaren kåras ut frå ei idealtid på runden
  • Spinning
    Ei heil bråte med følk sykla spinning utta å sykle ritt førr andebarkji, detta sko me gjera noko med
  • Premiering i trimklassen
    Me må laga te ein førm førr premiering, noko liknandes planketten deltageradn fær i Hallingdalskarusellen på skiu.

Om ikkji alt detta va nøk, ha me å avgjort at me – førr å få me endå fleire ungdomma – endre premieringa i dei yngste klassadn noko.

Premieringa bi no som følgjer

  • Fysteplassen fær 1000 kronu
  • Areplassen fær 500 kronu
  • Treaplassen fær 250 kronu
  • Detta mot 500 te vinneradn i dag.
  • Premieringa i dei vaksne klassadn bi som den e i dag

Me vone at dessa tetaka kjem te å auke interessa rundt ritta i klubben.

Festkomite – 10 års jubileum

Det e no åtte år sea klubben vart stifta, det vil sea at me snart sko starte planleggjinga tå jubileumsfesten.

Årsmøte vart samde om at me det komandes året må tenkje nøye gjønnom kem som bør væra med i festkomiteen, slik at detta kan bi avgjort på neste årsmøte.

Diverse posta

Alle årsmøtu ha eigen post på programmet førr ulike og unoterte saku. So også Andebarkji.

  • Geilo 24 vs Hallingrittet
    Det e i ferd med å etablerast eit spanandes 24 timas ritt på Geilo sama dag som Hallingrittet ha vedtikji at dei sko ha ritt (noko dei ha hatt på denna dagen dei siste fem åra).
    Andebarkji sko senda eit skriv der dei uppførdre klubbadn te ikkji å legga båe ritta te sama dag.
  • Tre dagas ritt
    I fjor vedtok me å etablere eige tredagas sykkelritt i Hallingdal, i år vedtok me å ikkji etablere detta rittet
  • Hallingrittet 2007
    Førre året prøvde me å samla so mange ryttera som mogleg førr å sykle Lillehammer – Oslo. I år sko me forsøke å samle femti deltagera te Hallingrittet på Golsfjellet.
  • Tour De Hallingdal
    Ole Christian Nymoen som e initiativtakar te Tour De Hallingdal på asfaltvega, va`kje på årsmøte. Me håpa likevæl at han me i 2007 arrangera detta rittet.
  • Sosialtur
    Det vart mykji snakk om å arrangere ein sosial sykkeltur førr medlemmadn langs Rallarvegen.
    Det vart vedtikji å ikkji bestemme detta no, men heller forsøke å ta detta på sparket sea.
  • Tru`kje det va noko meir då

So vart årsmøte avslutta og me gjingo førr å eta noko gjild mat på Pærs Hotel!