Årsmøte 2005

Eit utruleg årsmøte

Det ekje fritt førr at det ekstra vakthaldet på Pærs denna torsdagen (29. desember 2005) skyldes frykt frå hotellets sie når andebarkjeradn skulle innta gangadn.

Det e å ta lite hardt i om me si at me i utgangspunktet va hjarteleg vælkømne attende ette dei seinare åras møtu.

Men førr ein gong skuld viste dei 29 frammøtte andebarkjeradn se frå si beste side. Med nystrokne slips og boksertrusu, va det beint ut så han Arve Rustberggaard måtte felle ei tåre.

Reint høvisk sett vart dette det aller beste årsmøte som nokon gong ha vørte avholdt. All honør te dei frammøtte.

Starttidspunkt

Som ekta hallinga era me lite usikre på detta med starttidu. Sko me følje klukka te Tretterudklanen ell kansji den noko meir ofisielle. Vel uanset sia me starta møte ein drug halvtime ette angjett tid, kan ikkji me i styre ta ansvar førr dei som eventuelt ikkji rakk fram i tide. Detta væra seg blant anna Halvard Sander Søndrål som gav beskjed om at han skulle koma i lag med nokre kvennfølk. Bærre det burde væra grunn nøk te at me sko skjøne at noko va gale.

Kjell Ola Sagabråten kunne forøvrig meddele at mor hass heller ikkji i år kom te å koma på møte. Det e trist å sjå korleis foreldra væl ikkji å følgje upp ungadn i uppvekstfasen. Unge lovande Sagabråten va lite vonbråten med tanke på svikta i uppdragelsen, men lova å ta seg saman og jobbe vidare med det!

Årsmelding

President Svein Ivar Moen beratta snøgt om eit fantastisk år med gode resultat, kraftig vekst i medlemsmassen og ikkji minst eit framifrå år for sponsoradn som alle e gødt nøgd med dei nye draktudn og slikt.

Han skulle gjedne ha prata mykji meir, men som det rotehugu han e – hadden gløymt at alle papira i Lillehammer.

Ny rekord!

Styret ha i år hatt heile to styremøtu. Detta e å regne som eit merke år då det tidlegare kun ha vøre eit.

I året som kjem, era me beint ut sikre på at det nøk bi satt ein heilt ny rekord – kansji med tre ell fire møtu.

Årsrapport – økonomiske førehald

Kasserar Ole Bjørn Tretterud la fram både rekneskap førr 2005 og budsjett førr 2006. Duveleg fine tal te tross førr at me fekk eit underskot på 7500 kronu i 2005. Detta skyldas at me kjøfte inn mykje kleu og ha fortsatt noko att som me ikkji ha solgt. Dog ha me hatt ein durable auke i både sal tå draktu, sponsorinntektu og medlemskontigent.

I budsjett førr neste år e det kalkulert med eit overskot på væl 20000. Detta e peng som me, om budsjettet går i boks, kjem te å bruke på medlemman og utvikling tå nye ritt og slikt (sjå sea i referate).

Det ekje te å legga skjul på at me som sat i salen va lite nærvøse og ikkji så reint tveksame på tala som vart presantert ette kort som Tretteruden snøvla meir og meir. Men lukkelegvis va det klubbens faste revisor som ha utarbeida tala, men han kunne ikkji sjølv møte upp i år.

Det vart me lite urole i salen då Ole Christian Nymoen valte å reise å førlate lokala då tala vart lagt fram – men det viste seg kun å væra ei naudsynt vitjing i eit testøtandes lokal.

SpareBank1-Cupen 2005

Det va me stor spaning me innleie samarbeid med SpareBank1 Hallingdal om å arrangere den årlege sykkelkøppen. Me voro spente på om deltagelsen skulle reduserast når det gamle og gødt innarbeida namnet vart endra.

SpareBank 1 – Halingdal ha gått inn med støtte te klubben i heile tre år framover. Detta e safsens bra og gjer uss stabilitet.

Det visa seg og at deltagelsen ha auka. I år ha heile 100 persona deltatt i eitt ell fleire tå dei seks ritta i køppen.

Spesielt era me glade førr tesiget i dei yngre klassadn og regne med at det bi endå bære te neste år i og med at me utvida satsinga på rekruttan. Gamlingadn bi både eldre, tyngre og ser stadig dårlegare (det såg me gødt på Tretterudn som heile tide tok på seg brilludn, sjølv om dei alt va på nasen). Difør e det durabele viktig at me fær me uss fleire unge te å sykle.

Køppen vart i år vønnen tå Bjørn Herbrand Tretterud, som og satt ein uslegeleg rekord ved å vinne alle ritta. Utta om detta vann Susanne Haugo både klassen sin og premie førr å væra blant dei som ha sykle flest tå ritta. Liv Birgit Jorde, Geir Kåre Øen, Ådne Hognerud og Jon Petter Modalen vant me sine klassu.

Bra sykla – me gler uss alt te 2006

SpareBank 1 – Cupen 2006

Detta vart nøk det heitaste temaet på årsmøtet sko du veta. Her vart det lite høg prating og nærmast lite faiting myljo myrsleikaradne og asfaltgutadn vedrørande temporittet.

Uanset vorte me einige om å endre temporittet slik at me sykla på grus. Detta bi og tryggare i og med at rittet te no ha gått langs riksvegen myljo Gol og Tørpo.

Det vart å ytra ynskje om å få attende bakkerittet i Hol, men her va nokon tå gamlekaradn lite skeptiske. Dei la skylda på at det va førr hardt førr dei unge, men me era ikkji heilt sikre på om dei eigentleg tenkte på dei tunge. Det bi nøk eit bakkeritt med eige ritt førr dei mindre syklistadn. Huttetu det e hardt å sykle upp dei bakkadn.

Eit anna viktig poeng va at me e nødt te å starte ritta te avtala tid. Detta blant anna førr at dei som gidde å stille upp som vakti ikkji treng å vente så duvele lenge på pøst.

Det vart og vedteki at køppen kun telle førr medlemma i Andebarkji, slik at dei som stille førr are klubba ikkji fær poeng i ritta.

Det bi me lagt upp te ein eigen asfaltkøpp uttaom SpareBank 1 Køppen. Detta tek Ole Christian Nymoen seg tå.

Labb og Line sjefen

I avtala med SpareBank1 Hallingdal inngår det at me sko hjølpe te på tre årlege Labb og Line arrangement. Kjell Ola Sagabråten va duveleg glad førr å kunne væra kontaktpersonen førr detta.

Det vil si at det e han som sko skaffe følk te å delta på desse svært så enkle dugnadan.

Styret uppførdra te at dei som bi kontakta også stille upp.

Takk te sponsoradn

Me lyt me takke sponsoradn våre førr hjølpe i sesongen 2005. Detta e SpareBank 1 Hallingdal, Bilplaneten, HardRocx, Tretterud Sport og XL-1.

Sykkeldag på skuludn

Kort år arrangera dei ulike ungdomsskuladn sykkeldaga førr elevadn. Som ein del tå rekruteringsarbeidet i klubben akta me å delta på desse førr å vise korr flott sport sykling era.

Me sko ta ein prat med SpareBank 1 Hallingdal om dei og era interesserte i å delta i detta arbeidet.

Det e også på sin plass å nevne sikkerheitsdagen på Tørpomoen, der det muligens bi ein eigen bolk førr sikkerheit og sykling.

Me vil ha fleire te å sykle både i konkurransa og for rein nytelse. Gjer me jobben gødt, vil det me bi fleire medlemma i klubben.

Me era endå ikkji heilt sikre på om me kjem te å satse på å delta på skuludns daga, ell om me set upp ein eigen dag med terrengsykkelskule. Me fer sjå litt ut på nyåret.

Tour Of Norway

I førbindelse med Tour De France arrangera Norges Sykkelforbund barnearrangementet Tour Of Norway. Detta e ulike småritt rundt om i heile landet og dei bi me sendt på TV2.

Me kjem te å tebø uss å stå førr det eine rittet, og håpa på at detta kan kombinerast med SpareBank 1 rittet på Nesbyen i juli.

Meir info kjem når me veta noko meir!

Tor-Tour Hallingdal

Det vart vedteki, i all edruelegskap, at klubben i 2006 satsa på å arrangere det fyste værkelege tredagas rittet førr terrengsyklista.

I Hallingdal ha me eit tå værdas beste områdu førr fjellsykling. Detta ha me no lyst te å vise heilte værda og lite te.

Det bi tre daga med separate ritt der ein kan delta på alle, to tå dei, eit – ell faktisk ingen men då lyt du væra funksjonær.

Rittet sko ha tehald på Tørpomoen og alle ritta starta og stoppe der. Det bi sykling i både Ål, Gol, Nes og Hemsedal kommune.

Litt utpå nyåret kjem me attende med meir konkret informasjon.

Lillehammer – Oslo

Det e no klart at Andebarkji sko seta ny rekord på Lillehammer – Oslo førr uttomvegssyklista.

Førr å få te detta må me sykle snøgt og me lyt væra ein 15-20 syklista.

Sjølve rittet er eit artig ritt som går på hovedvegane myljo dei to byadn. Rittet starta og slutta lurdag 24. juni, med are ord likt med Hallingrittet på Golsfjellet.

Me kjem te å legge upp te fellestreninga og kjem me te å stille te start i Vestfoldrundt ell Mjøsrunden førr å få trening i å sykle i felt og slikt.

Bi me du me!

Styret 2006

Det bi store endringa i styret frå og med 2006. Det vil si at det ikkji bi so store endringa, men to tå styremedlemmadn era bytta ut ette lang og tru tjenest.

Ståle Grøthe ha gått ut på dato som ungdomskontakt og bi ærstatta tå Håvard Bjørkedokken som era real køming man.

Vidare bytta me ut Terje Bøygard med Geir Kåre Øen.

Kontingenten førr å væra medlem!

Det å væra medlem i Andebarkji e utelukkandes førbindi med rein og skjær glede. Difør e det lite trist at nokon tå dikan era lite trege med å betale inn kontingenten.

Me i styret e heller ikkji kjend førr å væra blant dei kjappaste, men alle styremedlemmadn ha førplikta seg te å betale innan fristen går ut.

I 2006 kjem me te å trekke ut to tå dei fyste ti som betale te å få maten fritt på årsmøte.

Styrets medlemma og tehøyrandes familia fær ikkji løv te å væra med i denna trekninga.

NB! Savna du giro, kan du gødt gje uss beskjed. Me sko også legge denne ut digitalt på nettsiudn, slik at du fær dei upplysingadn du treng førr å betale om du rote burt papirgiroen. (Giroane ekje sendt ut endå).

Infohefte

Me sko utarbeide eit informasjonshefte om sykling i Hallingdal. Her sko me presentere klubben, ritta, ulike sykkeltura, lite mekketips osv.

Detta sko finansierast gjønnom sal tå støtteannonsu, og me rekna med at kor medlem i snitt fær solgt to slike annonsu te kr 650,-. Detta vil gje uss kjært tekømne peng.

Innhald og utforming tå hefte era i gøng, slik at dei som sko selgje annonsu fær med seg eit hefte kor førr å vise detta te annonsøradn.

Hefte sko væra ferdig i april og distribuerast i byrjinga tå sesongen.

Årets Andebarkjar

Som seg hør og bør vart det ofisielle programmet unde årets årsmøte avslutta med kåringgji tå årets andebarkjar.

Denna hedersbemærkinga heng særs høgt og det er ei ære bærre å bi nominert. I detta selskapet era me vinnera alle som bi nemd.

I år vart følgjande nominert:
– Thorgeir Røer, førr lang og tru tjenest
– Bjørn H Tretterud førr å ha vønne alle ritta i Sparebank 1 Cupen 2005
– Liv Birgjit Jorde av sama grunn som øve
– Aslak Botten førr å væra den raskaste Hallingen på Birken
– Terje Teigen førr nøk ein gøng å ha brøte og brøte noko unde Gaurhovdrittet
– Vidar Jørdre førr å væra leiar tå den innandørse hurtiggåande stillestående syklinga.

I denna heite kampen va det Bjørn Herbrand Tretterud som vann den gjeve prisen og fekk med seg eit gødt bidrag te appanasjen han fær som bonde.

Det e me vært å nemne at komiteen fann det naudsynt å kjenne ei stemme ugyldig.

No e det nøk!

Detta va i grove trekk det me gjekk igjønnom på tidanes beste Årsmøte i Andebarkji.

No e det bærre å gjæra seg klare te sesongen.

Detta bi tidanes mest krevande sesong førr Andebarkji. Det e mykji me sko gjera, men me veit at me kjem te å lykkast førr atte me ha so uhørveleg flåtte medlemma som kjem te å gjera ein framifrå jobb og som kjem te å gjæra heile dalen stolte!

Stå på – og gløym ikkji å gje sykkelen ein god klem sjølv i vinterhalvåret!

Då e det bærre att å takke førr eit gødt sykkel år og ynskje hell og lykke te neste år atte!

Helsing uss i (sykkel)styre.