Fellestreninger:

Mandag:
Nesbyen - markensplassen
Terreng - 17.30

Gol - Mobrua
Landevei - 17.45

Ål - Torget
Terreng JR - 18.00

Tirsdag og torsdag: Hol/Hagafoss
Terreng - 17.00

Tirsdag:
Torpo - Tretterud Sport
Terreng - 18.30 

 

Årsmøte 2008

Det va ei heilt spesiell stemning i den gamle befalsmessa på Tørpomoen sundag tjugeåttandesdesember. Det va ikkji bærre det at styret i Andebarkji hadde klart å samle seg sjølve, men jaddi vare ti år sea klubben vorto skapt - det me på Tørpo.

Det va eit rekordstort uppmøte der heile styret møtte og te og med femogtrædve are medlemma me. Me are ord møtte heile førti persona te årsmøte. Ikkji veit e ko som drog mest om det va sjølve møte ell det at det skull væra ein fest ettepå!

Møtedeltakeradn songo sanga, steva stev og kveda kvad - so lukkelege voro dei unde møte (ja e veit faktisk ikkji koss dei voro unde meddagen nere hjå`n Gunvald førr den skjer nett no serru).

Ette møte voro det jubileumsmeddag med slik lokal restemat, ell e det småmat det vert kalla tru? Bærre kødda - e veit jo at dette a sokalla festmat frå gammalt tå, so sjølv om det kan minne um både betasuppe og fint kutta restemat - ja so e detta det gjevaste ein halling kan servere. Bærre so dekan veit det. Min personlege favoritt e lefsa som høyre med - kansji diførr e ser ut som det e gjer!

Sea i kveld bi`re på ny samling med allsang og kveding uppe i befalsmessa.

Men nøk om morot - noko seriøst må`re me få ette detta møtet, so her kjem det eit slags referat.

1. Årsmelding
Den sitandes presidenten hadde på fyrihand jobba både hardt og lengje med årsmeldinga. Noko den bar tydeleg preg tå. Her va det både grundige analysu tå sesongens ritt, utviklinga i medlemsmassen og mykji anna gødt stoff.

Han hadde me, slik me are å hadde gjort, at det i år va ti år sea klubben vorto stifta. Den gøngjen va`re tolv medlemma, i dag era me utrulege 233. Tala visa det me ha høyrt tala om på bygdin rundt i heile dalen - ja, me era den snøggast vaksande ideelle (ideell førdi me ikkji era kommersielle) verksemda i dalen.

Viare vart det upplyst at me i styret i år ha vøre samla te styremøte heile to gøngu. Det e heilt klart ei radikal auke frå dei føregåandes åra då me ha hatt eitt. Me are ord ha mengden arbeid førr styrerepresentantane auka med formidable eit hundre prosent. Slik innsats fortjena me verkele respekt førr.

Det vart me noko bla bla om mykje tå kort. Blant anna sykkelkøppen, men den kjem me attende te sea i referatet.

Førr mange tå syklistadn ere Birken som e det absolutte høgdepunktet. Førr me so e det eit gødt bevis på at det e mange som treng hjølp der ute. Koss kan ein og nitti kilometer på støvut og lortute grusvega. Gnagsår i røve og turre bollu på drikkestasjonadn. Og ikkji førr å gløyme dei tarvelege forholda unde dusjinga på Lillehammer. Ja koss kan detta bi eit høgdepunkt?

Lell - meir enn førti andebarkjera deltok. Sea detta va jubileumet te klubben va det ikkji Trudvang Hotell som va basen i år, men derimot huset te ho som tidlegare eigde hotellet. På garden hennar va det eit ekstra hus og han karen som budde der va i fengsel - so me lånte huset hass.

Martin Haugo voro snøggaste andebarkjar og sykla på 2.58.57. Noko som e duvele snøgt.

Tour de Hallingdal vorto avvikla førr are gøng og detta bia eit stadig bære arrangement. I år va det femtan som sykla alle fem etappudn, medan to og trædve totalt ha vøre med på eit ell fleire tå etappudn. Te samanlikning va det bærre åtte som fullførte det fyste Tour De France. So her ha me eit stort potensiale!

Som eit ledd i samarbeidsavtala med SpareBank 1 Hallingdal førrplikta klubben å stille upp på inn te tre dugnada kort år. I år va det bærre ein, men den vorto gjønnomført med glans. Detta va Labb og Linerittet i teknytning te Hallingrittet og Håvard Bjørkedøkken, som voro ansvarleg, fekk med seg ein god gjeng på jobbinga.

President Moen va me særs nøgd med deltakinga på den innandørs stilleståandes snøggsyklinga. Utta at me går noko særleg meir inn på den.

Fyri presidenten lot kasserar Tretterud ta øve ordet, refererte`n te eit kinesisk ordtak som kan ha om mogele ha sagt at man skal trekke se frå jobba og værv og slikt ette fire år. Detta hadde`n ikkji heilt skjønt noko tå fyri no og trakk seg som leiar førr Andebarkji ette ti år som president.

All honør frå resten tå styret og årsmøte førr den innsats han ha vist klubben gjønnom desse åra.

2. Peng og slikt - rekneskap
Det e Ole Bjørn Tretterud som e kasserar førr klubben, men ikkji vær redd - me ha ein rekneskapsførar me! Og han e flink te å telja peng han!

Totalt ha klubben hatt ei inntekt på 312.710 kronu. Detta ha i hovudsak førdelt seg med 24500 på spinning, 29.200 på medlemskontigenta, 147.400 på kleu, 75.000 i sponsorstøtte på kleudn og 35.000 i annonsu på heftet også lite meir.

Tå utgiftu e det verdt å merke seg at det e kjøft inn kleu førr meir enn 250.147. Også nokon fleire mindre påsta som te saman gjer at det e totale utgifti på 322.242.

Beklagelegvis bi detta ein minus på 9.338. Men med kleu førr nær eit hundre og femtitusen kronu - so ekje detta noko problem.

3. Peng og slikt - budsjett
Det vart presentert eit budsjett førr neste år der det framleis va rekna med 75.000 i sponsorinntekti (noko me era sikra både i 2009 og 2010). Sal tå kleu førr 110.000 og framleis 30.000 i medlemspeng. Spinninga rekna me og me at held seg nokolunde stabilt, me are ord noko meir enn tjugetusen.

Tå utgifte e det bærre suplering tå klede me rekna me ska væra ein betydeleg post, samstundes som Birken/Fellesritt og premia e rekna te omlag femtan tusen kor.

Me gjekk ikkji gjønnom alle påstan i budsjettet. Ell kansji me gjorde det, men e fekk inn ein telefon frå ei tutte (ho e i etablert parforhold nett no, men alle statistikka vise at det e dei som era etablerte som oftast era utro - so det e vel ingen grunn te å gje upp so lett).

Lell - me budsjettera med at det sko gå i pluss te neste år. Det gjorde me i år me, men me bomma lite på innkjøp tå kledu og at me fekk inn femtan tusen mindre på heftet enn berekna.

4. Val tå styrerepresentanta - NB! Ny PRESIDENT
Det ha vøre ei jevn masse tå styrerepresentanta dei siste ti åre. Det ha i praksis vøre særs lita utbytting, so når me i år skull bytte ut heile to representanta kom detta som eit sjåkk på valnemda som plutsele måtte jobbe lite.

Veslejuleftan jobba valnemda på spreng og fekk etablert det nye styret.

Fyst må det nevnast at Svein Ivar Moen no gjekk ut or presidentstolen ette ti år, medan Thorgeir Røer trakk seg ette eit ukjent antal år i styret.

Presidentvervet sko no i det kåmande året ivaretakast tå Ole Christian Nymoen, medan plassen te Thorgeir Røer vorto betrakta som uerstatteleg og såleis bia ståandes tom i dei kåmande åra.

Utøve detta sit framleis Geir Kåre Øen, Gunnar Haugo, Ole Bjørn Tretterud og Håvard Bjørkedøkken i styret.

Valkomiteen består te neste år tå avtråppandes president Svein Ivar Moen.

5. SpareBank 1 køppen 2008 - ein durabele suksess
SpareBank 1 køppen 2008 samla heile 94 deltakere, der meir enn sytti tå dessa deltok på fleire enn eit ritt. Detta e ei god auke frå førre sesong.

Det vorto delt ut premiepeng te vinneradn i kor klasse.

Det e her på sin plass å nemne at Jon Petter Modalen vann klassen førr kara myljo 16 og 49, medan far hass vann klassen førr kara myljo 50 og 104 (år ikkji kilo). Medan Liv Birgit Jorde nøk ein gøng vann kvennfølklassen. Ole Martin Slettemoen vann klassen før kara myljo fjortan og femtan også va det nokon fleire som vann me.

Viktig å få på trykk at Jon Petter tok med premiepengadn te far sin. Tore Bjerkrheim tok me te både Birk og Kjetil Andre (sønan hass), medan Gunnar Haugo tok me te døtter si.

Liv Birgit va ikkji der, so ho fekk ikkji noko no!

6. SpareBank 1 køppen 2009
Køppen i 2008 va eit prøveår der me hadde både asfalt og tærengritt.

Detta ha funka greit, men det bia væl mange ritt i ein køpp. Me ha diførr beslutta at det te neste år bia to køppa. Ein førr asfalt og ein førr tæreng.

Det bia like premiering i begge køppadn.

Me kjem attende me meir upplysninga om detta sea.

7. Nytt namn på klubben?
Sea me no bia stadig stærkare me på landevegssykling vorto det reist ein debatt om korvidt me må endre namnet på klubben frå Andebarkji TSK, der T står førr tæreng, te Andebarkj SK.

Me vorto einige om at asfalten på riksvegadn era so tarvele at me trygt kan kalle klubben førr ein tærengsykkelklubb, lell om det bia stadig fleire gateguta!

8. Tidtakarutstyr
Det ha vørte reist spørsmål om korvidt me kan få kjøft inn slikt moderne tidtakarutstyr med brikku og automatiske tidu. Det e klart me kan få kjøft slikt, men me ha ikkji råd no.

Me satsa diførr hell på å få leigd inn detta om det bia behov.

9. Kleu
Det e yttra ynskje om tynnare langefotabrøka og langermaskjurtu. Detta kan tingast inn te dei som ynskje det te sumaren.

10. Rekruttering
Me ha ein gledele og fantastisk, ja nær utrule, utvekling i antall medlemma. Men me legg uss ikkji på høyløfte tå den grunn, nei me kan ikkji høppe i høyet bærre førr at me era mange medlemma.

Rekrutteringa ha nemle stort sett fønne stad i klassadn førr noko tyngre rekrutta, ell eldre junior om du skjøna det bære. Det e diførr på sin plass å forsøke å få fleire tå dei unge te å byrje med sykling.

Det e diførr eit spørsmål om ko me sko gjera førr å få me uss ungadn me.

Det vorto ikkji vedtikji noko, men styret vart uppførdra te å ta tak i sakjen å gjera noko.

Det kom inn forslag om å kontakte alpin- og skigruppudn i dei ulike idrettslaga førr å invitere dei med på samarbeid.

Det vart me påpeika at dagens ritt ikkji e egna førr dei minste og at me såleis burde laga nokon artige rundbaneritt førr dei. Sykkelskulu og slikt vorto me nemd!

11. Årets Andebarkjar
Den gjevaste gjeve prisen tå dei alle e verken fredsprisen ell Oscar - men å bia utnemd te årets Andebarkjar.

I år va Martin Haugo nominert som fyste Andebarkjar som ha satsa seriøst og deltikji i noregskøppen i tærengsykling. Jon Petter Modalen førr å ha skvisa balladn på dei gamle karadn i SpareBank 1 køppen og Ole Martin Brenno Slettemoen førr å væra eit stort talent!

Ette ein javn og spanande avstemming va det Martin Haugo som vann med trettan stemmu fyri Jon Petter med ølløv og Ole Martin med ti.

Møtet vorto heva i det Geir Kåre Øen bestemte seg førr å sprette ein boks med noko tysk landbruksprodukt med kolsyre i.

Tilbake til forrige side
Sist oppdatert 03.08.10 14:29

Webansvarlig: Martin Haugo - www.martinhaugo.com