Tura som starta på Tørpo

Sko du starte sykkelturen på Tørpo, men e samstundes lite i beita før gode idea - då kan du bærre bla deg gjennom denne sida!

Ordforklaring:
Sentrum = myljo avkøyringadn te Tørpo Aust og Vest

Sjølve gromturen om Hemsedal …
Hemsedal, det e re einaste e treng høyre før e veit kor turen ska gå. Det bli re samma som med runden rundt Garnås, dei e klassike distansa, omtrent som Paris - Roubaix, Ronde van Flaanderen, Madeleine, Galibier og L'Alpe D 'Huez. Du treng ikkji få ei nærmar forklaring på kor du ska hen, du veit berre at detta bli duvele slitsomt. So, det fyste e kan gjera e vel å si at du bør ha me re mat om du ska ut på denna turen. Køyre ru utta er ru enten galen el aspirant te å vinne køppen i år.

Me tek utgangspunkt i at du starta turen på Tørpo, men sea detta e ein rundtur so kan du jo høppe på kor du vil. Me begynna snillt og roleg over brua, og uppover dalen på vestsida. Og alt ette nokon hundre meter so ser du inngangen te fyste bakkjin du ska upp, men det e eit lite stykkji att dit. Du kan jo køyre uppom Tingvolltippen so ru fer ein forsmak på bakka'n, men e pla no dure ned te fjor'n, det e lettar det må veta. I all enkelheit so ska ru sykle sama vegen som det står beskrivd unde turen rundt Tingvollfjor'n, men du ska ikkji rundt og ned att te Tørpo, so ru må følji skjiltingi te Sykkelriksvegen upp te Gullhagen. Her ska ru over åne at og svarve te upp Votndalen. No ska ru køyre asfalten heilt upp i Leveld, so du gjer unda ein heil del stigning alt no. Når du kjem te Leveld kyrkje so trur du sikkert at no er ru uppe, men det e jo heilt ufattele feil. Før no ska ru ta tå hovedvegen, og svarve te upp i Leveld-bygde. Her e re berre å følgji skjilting, og halde se te denna vegen upp forbi garda'n. Snart kjem du te eit vegkryss, her ska ru te høgre, el gjennom bommen om du slit med retningan. Viar upp lie so ere berre å følgji vegen upp på fjellet, og plutsele so e ru uppe, overgangen kjem ved tregrensa, og det flata ut med ei gøng. Men, moroa ekji slutt ennå, før det fremdeles ein del stigning at før ein når toppen inne ved Reineskarvet. Den gode nyheiten e at det ikkji e sammenhengande stigning no, meir kupert terreng. Du må berre sørgji før at du køyre rette vegen, og heldt du re te vegen som e størst so går det greitt. Og når du kjem på toppen so kan du om du legg godvilja te, og smør tjukt på, si at du ha trødd to mil i motbakke.

Over toppen pla e øfto ta ein matbit, ned mot Hemsedal so e vegen fin og strak so ru kan konsentrer re om foring og drikking. Faktisk e vegen so strak at e lura på lite på insjenør-uppleringi rundt om i komunun. På "Ålings-sia" går vegen upp og ned og i krok og sving, På "Hemsedal-sia" består'n mest tå lange rette stykkju, men det e vel meir dei geologiske aspekta som ha avgjordt detta. Uansett veg so kjem du snart te Flævassdammen, her går vegen te høgre ned mot dalføret att. Og dit ska me. No begynna ru å sjå deit fyste masti'n i skiheisen, og det e klart at me begynna å nærme uss sivilisasjonen att, jaja, sjøl om det kan virke noko daudt i Hemsedal om somar'n. Ned frå fjellet e re berre å følgji vegen, men pass på, vegen e bratt, og det e ein del trafik her. Og i tillegg so ha Hemsedøligan smurt te med ein bom midt uppi bakkan, og den øpna se før bila, men ikkji før sykla. Og som ikkkj det va nøkk so bur det veps her, e fann ut det i fjor. Vel nere i dalen so tek du rett og slett kortaste vegen ned te sentrum i Hemsedal, ei uppgave som bli vanskelegar og vanskelegar kort år ettekort som heisen bli bygd ut. Det som i fjor va ein fin bygdeveg e i år gjedne... bowlinghall, el fellesfjøs el gud veit ko. Når du kjem ned i sentrum so ska ru snart over elva att, ta tå vegen ved Peppes over brue. No ska ru følgji asfalten eit stykkji burtover før du tek te høgre att, ut på grusvegan. Denna vegen kan vera ei liten nøtt å finne, men det ligg hus innved vegen, so du kan sikkert spørja der.

Når du kjem ut på grusen att ere generelt kun ein veg å køyre, og ette eit lite bel so begynna ru å nærme re dagens tyngste etappe. Det syns i alle fall e rå. Før, du tenkji sikkert att: Jo, no ha e vøre på tur på snauaste fjellet, den lengste runden e kunna ta før å komma dit e e no. So, e kan trille ned te Gol å bestille drosje heimatt. Men neeeei rå. No ska me upp Grønlio te Syningen. Og her har e eit spørsmål. Ko i alle regntunge daga e poenget med å laga denna vegen so inni nedhøgde granskogen rett? Du ser jo alder slutten på'n jo. Sjølve stigningan e vel kansji fem kilometer lange, el litt mindre. Og her ha rei pressa inn ei stussele hårnål. Ja, tre rå, om du regna med den heilt nederst mot åne, og svingen der du tek tå asfalten. Liatoppen, som nok e lenger, men ikkji so mykji, den har 11 hårnål-svinga. Det e hjølp i slikt ska e si re. E trur at grunnen te at dei sit å trør upp L'Alpe D 'Huez e at dei si te se sjøl: Der e ein sving, no e e uppe, sjøl om dei 21 svingan e numerert uppover fjellsia. Ja, det e min teori rå.

Uansett, no spora e duvele tå her. Når du kjem te inngangen te Grønlio so kan det vera ein fordel om du ha fått i re litt meir mat, når du e uppe so e vegen kort ned te Tørpo att, so e ville ikkji dratt med me før mykji bagasje upp fjellet. Frå dalbøtten ska ru fyst upp te sjølve grenda. Detta stykkji e asfaltert, og går ganske fort å trø upp. Ette kort kjem du altså te eit kryss, det e fleir tå rei uppover, men det e det fyste som ikkji leda inn te ein gard eller hus. Det pla som oftast stå ein container i krysset og, og då ska ru altså te venstre. Som e nevnte e detta ein tå rei få svingan uppover lia. Og det e derfor denna stigninga e so hard. Du fer ikkji kvile i det heile tatt før du e på toppen. Lyspunktet e at når det flata ut so e ru uppe, so vegen e real slik, du bli ikkji lurt tå femti meter med flate før bakkan begynna att. Avhengig tå vegen du no køyre, so e re noko småbakka att, men det e før reine sjarmøretappa å regne. Før på toppen kan du ta to vega. Enten upp te Habbeset og direkte over te Syningen, eller so kan du køyre innover flatene og følgji hovedvegen ein liten runde innover før den svinga mot Syningen att.

Når du passera like unde Syningen so e ru heilt på tøppen, og vegen ned te Tørpo kjenne ru jo, før der sykla ru jo kort år unde Gaurhovden, ikkji sant? Uansett e jo det berre å følgji hovedvegen ned mot, og forbi Lien. Og so eru heime att, og ha nettopp køyrt ca hundre kilometer. Detta e ein tur som e lang og ganske tung, men du har att før det. Ikkje berre før treninga sin del, men turen i se sjøl e verdt slitet. Den går frå dalbøtten te snaufjellet og ned att, og upp att ei gøng te og ned att endå ei gøng. Kontrastan e store, og du fer eit lite utdrag tå all denna naturn som ligg strødd rundt i detta vesle dalføret vårt.

Helsing frå'n kJell Ola

Tøffaste turen ……
Her ska dikkon få tips te den beste turen e tek fleire gonger i løpet av sumarn.

Sjølvsakt starta me opp i Tørpo, koma us over åne altså are sia og tek så vegen nedover forbi sagji, då eru inne på Hallingdalsruta, følgji den te ru e neafør tippen på Trillhus, no er ru  så nemme tippen at ru sykla  like gødt opp på tippen, synst på tippen skjer du like gødt opp steinrøyse(høgre sia) som enda på gammle vegen som gjekk ned på tippen i gammle daga.

Dreg de opp te fyrste vegkryss, tek te høgre og sykla så litt nedover te ru kjem te kraftlinja, tek inn te høgre der og følgjer denna vegen(stien) te ru enda ne på vegen att ved Vermefoss.

No eru ru inne på Hallingdalsruta att, følgji den te ru passera Vermefoss og då må ru ta te høgre fyrste vegkryss og då kjem motbakkan mot de att fordi noe e ru på veg opp mot kraftlinja att.

Då berre følgji ru vegen(stien) heilt te ru enda ne på Motorsenteret.

Då eru på Gol Stasjon og no har  så mange alternativer ru kan ta på heimvegen te Tørpo at du må finne ut ko mykji krefter du har att etter denna opplevelsen.

Normalt går turen gjennom Gol og så opp te Røde plass over Tuppeskogen te Røtnheim og så rett heimatt.

Denna turen må berre upplevast…..

God tur helsing uss på Tretterud Sport og SPA!

Huset mitt, postkassa mi, huset mitt.
Detta er turen for dei som era ute ette ei kort og intensiv treningsøkt i kvardagen. Turen byrja ganske lett uttaførr huset mitt (ell te ho mor då), med slak unnabakji førbi blomstergryta til mor mi, og trappeuppgøngjen te huset hennar gommo.

Derifrå må ein førbi granhekken, og ut gjønnom porten, før ein kjem inn på hovedvegen ned frå baksida tå skulen. Her er det bratt, og ein lyt væra varsam, her kjem det bil opp til fleire gøngu i døgnet.

Om ein er vill og galen kan ein førtsetta nedfor denna vegjen så ein kjem te Hugnadheim, men dette er for dei dei meir erfarne.

Om ein velge å snu kan ein godt sjekke om posten har komen, noko som pla skje gjedne myljo 12 og 13.

Og så e det bærre å gjere seg klar for turen upp att. Det kan ofte væra nøggleg fælt å tenkje på alle uppøvebakadne på ruta attande, men ein har vel gødt tå det, sjølv om det øfto ikkji kjenns slik ut.

Når ein kjem upp skulebakken kan ein leggje merke til portstolpen vår som står litt på skeive etter å ha pleia omgang med ein tilhenger (ein slik ein som heng ette bilen, ikkji ein galen franskmann som står å heia).

Nå byrja ein å nærme seg slutten på turen, og ein kan gjerne leggje inn ein sluttspurt om ein har kreftu att.

Alt i alt ein fin tur i fantastisk natur.

Sentrum-Oppheim-Liatoppen-Åsetno-Votndalen-Sentrum
Litt lengre alternativ for dei spreke. Det kan faktisk være ein fordel å køyre ein liten runde før ein begynner på denne turen, for det er hardt å gå på Oppheimsbakkane om ein er kald.

Uansett varme skal ein opp til desse isolerte gardane der det er som om tida har stått stille, leeeenge. Når ein kjem opp i bygda skal ein etterkvart ta av til venstre over Lya.

Følg skilting til Torsteinslåtta og seinare Liatoppen. Vegen inover er grus, og bakkane opp lia er ganske harde. Når ein kjem opp kan ein naturlegvis køyre Liagardane ned igjen, men har ein fyrst sliti seg opp kan ein like gjerne dure innover fjellet eit stykkje.

Følg vegen som går forbi fjellstua innover. Etter kvart kjem ein til krysset ved Åsetno. Ta av og følg vegen nedover mot Votndalen. Mykje krok og sving så vær litt på.

Vel nede er det å følgje vegen nedover til Gullhagen igjen. Ein kan godt svinge av og ta vegen bort til Sando skule og ned på riksvegen. Herifrå er det ganske så rett fram attende te Tørpo.

Helsing frå'n kJell Ola

"Sentrum" - Ridalen - Oppsjøtippen - "Sentrum"
Set deg gødt te rette på sykkelen og gjer deg klar til ein flott tur i fortryllande natur. Sykle over stasjonsbrue og følg vegen te venstre førbi Hallingtorv og vidare ned mot Trillhus. Ved Breibrenna kan du køyre unde jernbaneovergangen å ta den svært so steile gamlevegen upp te Ridalen. Me pla vanlegvis å sykle heilt ned te Trillhus før me tek hovudvegen upp te fjells.

Stigningadn e lange og seige, men når du endeleg trur du er på toppen ventar berre eit par korte kilometer gjennom skogen langs eit idyllisk vatn før du fer nye stigninga upp te neste vatn. Her venta nokon hundre meter kvile før du kjem te den siste uppoverbakkjin på denna turen. Bakkadn upp førbi Stolien e skikkeleg druge, men det e no so vent her uppe at det e verdt kor ei sveiteperle som enn måtte trugast ut! Midtvegs i bakken kan du forøvrig ta ein svipp te venstre, slik at du kjem det upp te Hestetjedn.

Du e no komen heilt upp te tøpp-punktet på denna turen. Frå detta punktet ser du endeleg over på dei vakre fjella i Skarvheimen og Hemsedal. Du ser både Reineskarvet, Lauvdalsbreen, Blåbergi, Svarvarberget, Grytingen og Skogshorn. Det går også stig til det svært så gode fiskevatnet Trolltjedn.

Herfrå går det beint utfor at. Fyst ein usedvanleg lang, men relativt slak bakkji. I botn tå den lange bakken kjem du te eit vegskille. Her skal du følgje på ned mot høgre. Det bli noko brattare og litt rufsut underlag ned mot Oppsjøtippen på Ål. Ta te høgre ved tippen og følgj sykkelstamvegen attende te Tørpo Sentrum.

"Sentrum" - Ridalen - Rota - Sundre - "Sentrum"
Denna turen starta likt som den førre, men denna gøngen sko du ikkje ta te høgre ned mot Oppsjøtippen. Derimot bremsa du lite ner i botn tå den lange slake bakkjin og sykle vidare upp mot venstre. Vegen bli noko dårlegare enn den ha vøre gjennom Ridalen, men fortsatt usedvanlig fin å morosam å sykle på!

Vegen krongla seg eit stykke uppover i furuskogen før du runda tøppen og ser ned på den vene Rota, som forøvrig e ei pensjonert søppeldynge. I dag bli`kje rota brukt te detta formålet, so det e slett ikkje plagsomt å sykle forbi.

Ette å ha passert Rota kjem du inn på "hovudvegen" frå Ål mot Bosset, Mat-tjern, Hagastøladn osv. Ta te høgre (huks å feste hjelmen) og følgj bakkjin helt ned til Ål Stasjon. Ta det med ro i utforkøyringadn, slik at det ikkje bær te skogs med deg.

Vel nede, krysse du åne (me anbefale brue) og tek vegen ned til Oppsjøtippen (anten bruka du hovudvegen, ell du tek gamlevegen ned til Hago og kryssar riksvegen der). Frå Oppsjøtippen te Tørpo "Sentrum" følge du berre Sykkelstamvegen.

"Sentrum" - Ridalen - Rota - Kleivi - Sundre - "Sentrum"
Denna turen e heilt lik dei to førre turadn, men no sko du´kje sykle rett ned te Sundre. Det kan då ikkje haste slik med å koma seg dit, må du veta.

I staden før å følgje på heilt te botn, ell Sundre som dei sie på Ål, tek du te venstre (eventuelt let væra å svinge te høgre) inn å Nysetvegen. Men du skokje heile vegen te Nyset, nei du sko te Kleivi å dit kjem du ved å følgje vegen langs kraftledningen burtetter dalsida.Det går litt upp å ner, men e stort sett fin å sykle. Du når "tøppen" i det du kjem te ei ell anna hytte tehørandes Oslo Energi. No ber det uttfør ein te dels dårlig veg (bærre dårleg eit par hundre meter). Ette eit bel med humpa og slikt, kjem du inn på vegen som går upp mot Sangerfjell.

Følg denna vegen neover mot Kleivi. Om du ha augudn øpne, kan du te å me sjå kor du sko ha sykla om du følgde sykkelstamvegen mot Geilo. Når du kjem te ei betongbru som går over jernbanen, anbefale me at du tek te høgre å følgjer "mellomste-vegen" attende mot Vangebrue på Ål. Ein fin veg med svak helling som gjer god fart på sykkelen.

Du kan også sykle heilt ned til Kleivi og følgje svært so idyllisk grusveg langs sjolve Strandafjorden. Detta e også ein fin trase, men kanskje littt kjedeligare.

Har du sykla øvre vegen, fortsett du upp te venstre når du kjem inn på ein veg som ser ut te å lede mot å væra ein hovudveg. Du kjem då med tid å stunde te stasjonen på Ål.

Har du sykla nedre rute, må du anten sykle upp over jerbaneovergangen ved Vangebrue, slik at du kan nå upp te krysse å følgje resten tå ruta te dei som sykla mellomste vegen. Du kan og krysse brue, sykle ovom Sundre - ell berre følgje hovudvegen ned til Oppsjøtippen.

"Sentrum" - Ridalen - Garnås/Nes - Gol - "Sentrum"
Set deg gødt te rette på sykkelen og gjer deg klar til ein flott tur i fortryllande natur. Sykle over stasjonsbrue og følg vegen te venstre førbi Hallingtorv og vidare ned mot Trillhus. Ved Breibrenna kan du køyre unde jernbaneovergangen å ta den svært so steile gamlevegen upp te Ridalen. Me pla vanlegvis å sykle heilt ned te Trillhus før me tek hovudvegen upp te fjells.

Det e´ langt og seigt upp bakkadn, men fortvil ikkje ... For når du endeleg trur du e´ på tøppen, då førtsett stigningadn endå ein kilometer upp te venstre ret innanfor Lysverkhytta i Ridalen. Du følgjer ein smal, men heilt grei veg (hugs å halde te venstre når du kjem til dei ulike vegdela innette dalen). Det stig heilt te du passera Dugurdsnatten på Gol, men stigningadn era ikkji ille og naturen e uhorveleg ven. Du passera både møltemyri og mange vatn der fisken vaka og syng (det har nøk ikkji høyrt før, tru`kje du høyre det no hell men det passa so gødt inn i setningen).

Ette uppoverbakkadn venta fleire kilometer nedoverbakka gjennom vakre Fladalen og ned til Garnås. Å gjett ko som venta i Garnås, heilt riktig endå flere nedoverbakka. Her må du være forsiktig, for dei som bur uppi gardadn her era harde på gasspedalen - sjølv John Deeradn gå styggfort her uppi.

I botn tå bakkadn råke du på RV7. Me anbefala at du sykla to hundre meter ned mot Nes og tek Tyribakken-bru over åne. Ta te venstre og følgj gamlevegen heilt upp te Svenkerud. Her sykle du over på are sida tå åne att og følgjer svært god og småkupert grusveg upp te Gol Stasjon. Sykle so over te Gol Motor og Fritidspark, slik at du kan leige ein motorsykkel for siste biten - for no e du nok lite seig i beina dine. Vel du å sykle vidare, berre passera du motorparken og følgjer det som ein gong har vore ein veg upp nokre hundre meter. Følg deretter grusvegen forbi Mobrue, Rotneim og Trillhus. Heilt upp te stasjonbrue på Tørpo. Turen e slutt før denna gøngen

Rikandsrudkamben rundt
Før dei som ikkji era klar over det, so heite den lille fjellknausen myljo Lien og Uppheim; Rikandsrudkamben. Før å sykle rundt denna må du ta turen upp langs Siregardadn, forbi Lien og vidare upp mot Syningen.

Du passera avkøyringa te Liahagen og Finnesgarden. Ette eit bel, og ein del småsvinga, kjem du te ein hårnålsving mot høgre. Her sko du bærre følgje på ut or hovudvegen og inn på ein traktorveg som fortsett inn i skauen. Hald vegen te venstre, om du blir frista te å sykle mot høgre kjem du inn på ein blindveg. Vegen går nedover og du passera Sireåne. Her går vegen over til meir kjerreveg prega art, men den er heilt grei å sykle på. Det går ganske bratt nedover, noko som gjer sykkelturen svært morosam.

Ette eit lite bel kjem du te Gåsterud, her berre følgjer du vegen nedover og du kjem ut på Oppheimsvegen. Følg den attende til sentrum.

Volelie rundt
Volelie e namnet på det vakre og hærlege stølslaget bakom Gaurhovd, uppe på Oppheimsåsen.

Om du ikkje ha ei kjering som køyre deg upp bakkadn, må du sjølv tråkke upp frå sentrum og gjennom Oppheimsgardadn. Ta te venstre inn på grusveg når du kjem til "tøppen tå uppheim". Følg vidare vegen inn mot Helsingset og Øknevatn. Om du no sykla upp te Øknevatne ell gjennom Helsingset e hipp som happ, men huks at frå Økne og nesten te Gaurhovd e vegen noko slafsut og fæl.

Du passera Gaurhovd og kjem snart te turens fyste skikkelige utforkøyring ned mot Volelie. Upp gjennom sjolve lie passera du fleire idylliske støla og koselige hyttetun. Fortsett og følg på mot Syningen.

Ved Syningen (toppen med varde på) kan du velga om du vil sykle rett forbi militærleiren og strake vegen ned mot Tørpo, ell om du vil sykle noko lenger. Du kan då ta te venstre og sykle på baksida tå syningen. Tek du fyste veg te høgre kjem du mot maristølan. Held du vegadn te høgre kjem du ganske raskt inn på syningvegen ner att te Tørpo, men held du mot venstre kjem du lenger! Du kjem då ned til Grogardadn og nøk ein gøng ha du fleire alternativ. Du kan ta te høgre å sykle gjennom Finnesgarden ned til Tørpo (huks at det bur folk på garden og at du tek hensyn te detta når du sykla!). Du kan køyre rett fram gjennom Grogardadn og ned til Rotneim, sykle i so tilfelle over på vestsida og følg grusvegen upp at te Tørpo. Ell du kan ta te venstre å sykle langs Skaraåsen ned til Tuppeskogen. Sykle i so tilfelle vidare over Tuppeskogen te Rotneim og grusvegen på vestsida derifrå te du kjem heimat!

Grogardan
Grogardan er dei forskjellige gardane i lia ovanfor Rotneim, upp mot Skaraåsen. Hit kjem du anten ved å sykle upp te Lien og gjennom Finnesgarden. Ned te Rotneim og rett upp dei bratta bakkadn te Grogardan, eller ved å sykle upp på Tuppeskogen, førbi Steinmoen og skiheisen - og langsette Skaraåsen upp att mot Tørpo.

Detta e uanset tura med mykji stigning.

Tingvoldfjorden
Ved å sykle forbi stasjonen og Pipern (høppbakkjin) kjem du inn på grusvegen som tek deg mot Tingvoldfjordtippen. Eit lite stykke uppi bakkjin, går det ein veg ned mot høgre - den tek deg ned til fjorden. Her syklar du på ein gamal og idyllisk veg langs vasskanten. Ved enden av fjorden kjem du te eit gardsbruk, fortsett rett fram (krysset nokre hundre meter lenger fram fører te Tørpomoen) forbi endå fleire garda heilt te du kjem te ein jernbane undergang. Her kan du anten ta te høgre å sykle te Kvelperud, ta i so tilfelle te venstre ette campingen og sykle upp at mot Hadding skytterbane. Ta nøk ein gøng te venstre i neste kryss for så å sykle mot Tingvoldtippen atte. Ell du kan sykle rett unde undergongen å ta te venstre, då e du snart attende på Tingvoldtippen. Sykle ner bakkadn å du e snart attende på stasjonen.

TIPS USS
Har du tips til ulike tura du vil anbefale are syklista, trykk her!

 

 

<-- attende te are sia

Hallingrittet 2009 - birkenseeding

SpareBank 1 Hallingdal

Tretterudsport
Tretterudsport

Hard Rocx

Bardøla Høyfjellshotell

Hallingplast

Nesbyen Bilskadesenter

Hallingdal Renovasjon

Steinmoen Trevare

Thorgeir Røer - www.hallingdal.info