TURA MED UTGÅNGSPUNKT I NES

Sykkelkart førr Nes og omegn!
Nesbyen ha vørte slik ein Syklist Vælkømmin Destinasjon og ha difør skilta heile sju rundtura og samstundes laga ei kart som du kan laste ned her …

Vassfaret rundt førr omlag normale persona
Han Leif på Liodden ha`kje lenger uppe kiosken på kæmpingen, so no ha`n hatt tid og stunde te å sykle lite me. Diførr ha`n testa ut ei alternativ rute førr å sykle rundt Vassfaret. Detta e ei lite snillare rute, slik at du ikkji bærre må puste å pese - men og kan få sjå lite på naturen rundt vegadn.

Du køyre upp te Copacobana Beach, ell Trytetjedn som dei kalla det på Nesbyen. Her parkera du bilen og finn fram sykkelen. E du alt heit i toppetasjen ette å ha køyrt upp bakkadn, kan du no ta ein dukkert fyri du trøkka i veg.

Følgj vegen førrbi Langetjedn og viare i retning Hedalen. Når du passera grensa te Valdres/Uppland, lyt du væra lite på vakt. Ikkji bærre førr at valdrisan driv jakt på hallinga, men me førr at du no sko ta fyste vegen te høgre - førrbi ein bom. Vegen går ut frå det lågaste punktet på vegen ette passering tå Vangsbekken (grensa te Valdres). Hald fram og nedåt Tjernsvollen og følgj Strøen viare te Strøsdammen.

Dela tå denna vegen e traktorveg, men det e ikkji noko problem å sykle den. Du sko ikkji sykle øve dammen, men halde beint framåt gjønnom ein bom. Ved Suluvatnet (sulu e halling førr svale) enda vegen, men då følgjer du bærre ein stig i omlag 2 km.

Hald fram førrbi Vassfarplassen, kjør førrbi Nevlingen og ta vegen te høgre over åne ved Skrukkefylla. Føljg so vegen over Veneli, Domfet, Blåfjell og Dypilen (sjå turbeskrivelsen unde - bærre at der går det motsatt veg). Midt i utførrkøyringadn mot Liodden og Liegrende, må du hukse på å ta te høgre i ein venstresving. Denna vegen tek deg gjønnom Todalen upp te Paddedøkk og viare attende te Trytitjern der bilen framleis står - om ikkji ein ell anna lokal kugutt ha rappa den. I så tilfelle sykle du bærre attende te Nes og finn sjølvaste krigaren på Lensmannskontoret ell i et skogkratt på jakt ette ein råkøyrar ell to.

Denna ruta e omlag 85 km og sjølv omd et e nokre stigninga era dei ikkji so bratte at det bia eit problem. Det meste tå turen går i den fortryllande og freda skogsdalen Vassfaret. Her kan du sjå gamle kulturminnu og mimrast attende på Mikkjel Fønhus som via livet sitt førr å skildre detta landskapet.

Du fær med deg kjende plassa som Bringen, Dreparhølen, Grunntjern og ikkji minst mølla myljo dei to Grunntjønna. Her kan du me blunde unde tak om du ynskje det.

Du kan me unne deg ein tur uppi Feselskardeg og vitje Mortenholet der fredlause Morten budde si tid. Denna finn du om du føljer stien noko sør førr Trytetjernvelta.

Uanset ko du vælje å gjera, så bi detta ein rett so ven tur. Lukke te helsing Leif Liodden.

kartskisse

klik her førr større kartskisse

Vassfaret Rundt.
Rundturen startar ved Liodden Caming, nokre hundre meter sør for Roløkken Kæmping.
Start gjerne turen med ein is eller to, for det er langt til neste kiosk.

Turen egnar seg for ei overnatting, men sprekingar kan gjera runden unna på dagen.
To alternativ etter eit bel, den lengste er omlag 120 km. Den korte ekkje målt eksakt,
men ca. 30 km. kortare.

Bruk gjedne kartet "Eventyrløypa", sjøl om dette er kart for skigåing. Gøtt nøkk, sorei sea her i dalen. Lett sykling opp til Li nederst i Todalen. Ta så til høgre mot Storeli etter nokre hundre meter. Passeleg stigning opp til Storeli før det flatar litt ut opp mot Veneli og Dypilen, sæterlag som ligg på 950 - 1000 m.o.h. Du har no lagt bak deg den verste stigninga, 800 meter på knappe mila og har fleire motbakkar å sjå fram til. Men mest nedover!

Ved bommen etter Dypilen går det ein avstikkar til Kråkehaugen, vel verd ei vitjing, kafe med servering.

Men dei fleste har vel nok med runden, god grusveg sør-austover til Ausa, her ligg ei hytte ( feriestad) som kraftledningsfolka i si tid bygde. ( Linja som kjem frå Kleivi ). Men drit i den, trø vidare til du kjem til høgste punktet på vegen, den som ikkje kjenner svien i låra kan ta ein joggetur til toppen av Blåfjell, 1154 m.o.h. med utsikt heimatt for dei fleste hallingar på godværsdagar. Herifrå fleire km. nedoverbakke, du passerar Domfet og Dagali i voksen fart dersom du ikkje alt har kollidert med ein vegbom lengre opp i bakken. Ja, er du heldig, kan bamsebrakar sjøl visa seg fram i friske trav etter villsau og turistar frå Tyskland og Drangedal.

Fortsett så bremsinga ned til eit stort kryss der vegen til høgre går mot Flå. Og for den som må sjå bamse, ta ein svipptur til bjørneparken i bygda og lat som ingenting.

Frå dette navnlause krysset ber det oppover i høveleg stigning, god grusveg og du nærmar deg ein relativt ny veg ved Veneli sæter, her kryssar foresten eventyløypa som kjem frå Ulsåk og endar på Sørbølsetran i Flå.

Flott sykling nedover mot Nevlingen i Vassfaret, ta til høgre ved eit lite vatn sør for dette og det er berre nokre hundremetrar til du er komen til elva som renn gjennom dalføret. Kryss elva, opp ein liten bakke og du står på hovedvegen til Hedalen, og no er du endeleg i Valdres. Her må ein velja kva alternativ som skal takast, den stutte eller lange løypa tilbake til Liodden camping.

Den kortaste går nordover langs stygge vegskjæringar langsetter Nevlingen, forbi Vassfarplassen ( 200 m, gåing,vel verd ei vitjing, ingen kiosk her heller ) og vidare i sjølve Vassfaret.

Etter nokre tråkk med peddal'n, er vegen slutt og du må leia/bæra doningen nokre hundremetrar forbi Suluvatn og vidare til vegen på nytt dukkar opp. Så, kort sykling til Strøen, eit vatn som ligg i to fylker, men du syklar altså framleis i Oppland. Lett sykling nordover til hovedvegen mellom Hedalen og Nesbyen, like før Buvatnet. Her møtest alternativa.

Den lange løypa fortset frå dammen ved Nevlingen austover langs Aurlandsfjorden, Aurdøla og ned til ein asfaltert veg i hjartet av Hedalen. Nedover bakkane her går det fort, lausgrus, vaskebrett og ei mengd med hoggorm i vegen, levande og daude, er opplevingar ein neppe vil vera forutan.

I Hedalen er det både butikk og kiosk, på tide å fylla opp tankane, for no startar ein drug tur oppover i sivilisert lende forbi stavkyrkjer, skular og bondegardar. Og om eg ikkje tek feil, ingen kioskar å oppdriva før turen er fullført.

Den som vil overnatta på turen, kan ta av ved ein kontainer like etter Åsli, ned mot elva, fyrsteklasses leirplass.Men ta med telt, her er verken hytter eller pensjonat, men gratis og godt vatn i elva. Når du er ferdig med asfalten, er stigningen eit tilbakelagt helvæte og det er ein leik å trø vidare mot fylkesgrensa og Buvatnet.

Trø ( og brems ) så vidare langs Langevatn og ned til Todalen. På ny ein motbakke, men denne siste stigningen før Trytetjedn går likevel som ein leik, for no ventar ein dukkert i friskt skogslvatn. (Hallingdals svar på Copacabana Beach.)

Dei site kilometrane ned Todalen og til Liodden går av seg sjøl, berre du tek av til venstre ved Paddedok.

Skulle du likevel ta feil her, så havnar du på jernbanestasjonen på Nesbyen, og kan ta toget til Liodden.

God tur - helsing Kåre Jordal!

Nesbyen rundt…
Einkor som har vøre på Nes ein sein kveldstime, er nok forundra øve at me kan beskrive ein sykkeltur rundt i bygda - før den e jo ikkji så stor då!

Denna tur beskrivelsen ha me fått frå turistkontoret. Den e omlag fire mil lang og går omkring i nær sagt heile kommuna.

Nesbyen - Liodden
Frå sentrum te Roløkken følgje du den asfalterte gang- og sykkelvegen, mens du må driste deg ut på sjølvaste Riksveg 7 den siste betan te Liodden. Flatt og fint so langt - men det bi værre…

Liodden - Toengi
Kryss åne og følgj vegen førbi kampingen og uppette te Liegrende. Ta te venstre (den handa dei fleste ha klukka på) i krysset mot Storeli. Det e fortsatt asfalt på vegen, men no e terrengen noko meir kupert. I neste kryss følgje du vegen beint fram - langs ette den lille åne. Følgj vegen heilt te du kjem te brue i Toengi.

Toengi - Todalsdammen
Ved Toengi tek du nøk ein gøng te venstre og fortsett i retning mot Trytetjedn. Grusvegen e steil upp mot Paddedokk Hundepensjonat (her kan du jo deponere bikkja dersom du ha lurt med deg han på tur). I krysset ved Paddedokk tek du te høgre å sykle upp mot Trytetjedn. Følgj vegen viare mot Todalsdammen.

Todalsdammen - Tyribakkbrua
Ved Todalsdammen tek du tå te venstre. Her er det flatt og vent terreng. Mange snedige små vatn, bekka og myrdrag heilt fram te Lomtjedn. Derfrå går det utover mot Haugeplassadn. Ette Haugeplassadn kjem du te asfaltert veg atte. Ta te høgre - sykle lite uppette mot Svenkerud fyri du tek te venstre å krysse åne på Tyribakkbrue.

Tyribakkbrue - Nesbyen
Følgj riksvegen nokon hundre meter mot Nes, før du tek tå å sykle mot Smedsgården og følgjer gamlevegen heilt attende te sentrum.

God tur!

TIPS USS
Har du tips til ulike tura du vil anbefale are syklista, trykk her!

 

<-- attende te are sia

Hallingrittet 2009 - birkenseeding

SpareBank 1 Hallingdal

Tretterudsport
Tretterudsport

Hard Rocx

Bardøla Høyfjellshotell

Hallingplast

Nesbyen Bilskadesenter

Hallingdal Renovasjon

Steinmoen Trevare

Thorgeir Røer - www.hallingdal.info