TURA MED UTGÅNGSPUNKT I HEMSEDAL

Sko du starte sykkelturen i Hemsedal, men e samstundes lite i beita før gode idea - då kan du bærre bla deg gjennom denne sida!

Turtips frå turistkontoret i Hemsedal
På turistkontoret i Hemsedal ha dei tatt vet te seg å laga eit eige kart med beskriving tå heile ti tura i området. Mange tå turadn era ganske like dei nedanfor her, men last ned heile brosjyra so fer du sjå kartet me. Me håpa at dei are turistkontora kan gjera noko lignande, helst i samarbeid slik at det kan koma eit hefte førr heile den vene dalen. Last ho ned her …

Helsingvatn rundt (turen e`kje so lang som det kan sjå ut te på beskrivelsen)
Kart: Turkart Hemsedal, ell sykkelkartet frå Turistkontoret

På veg inn te Lykkja finn du sykkelvega som perlu på ei snor, ell jordbær på eit strå om du vil. Her e det vega og stiga på kryss og tværs. Ein tå dei venaste, ja det e turen rundt Helsingvatn.

Helsingvatn finn du ved foten tå sjølvaste Skogshødn. Dei passa korare som Felleskjøpet luva på bonden, ell som hånd i hanske om det høyres bære ut. I det vene vatnet speila sjølve Gudinna tå fjella våre seg. I eine enden strekk ho seg 1728 meter mot høgare maktu, mens i vatnet er det omlag som du kan kjenne på steinane på toppen. Ja detta e kulissadn førr ein utruleg nydeleg tur for deg og sykkelen din.

Førr å koma te vatnet tek me denna gøngjen utgangspunkt i det fyste tå dei tre sentruma dei ha i Hemsedal, Ulsåk. Korvidt detta e ein forstad te sjølvaste gromsentrumet Trøim ell om dei bærre gløymde kor dei hadde starta bygginga tå sentrum - ja det sko`kje me ta stilling te. Det e vel ei sak førr regionrådet, ja så ha dei noko lurt å gjera me.

Sving tå ved kinarestauranten og fargehandelen, følgj so den krasafarne vegen beint uppette. Passer både krysset te Eikregardadn/Huso/Fuglehaugen og skistadion. Om du ikkji køyre Citroen so kjem du te to duvele svære dumpi i vegjin i ein venstre sving. Ja dei e der om du køyre Citroen me, men då kjenne du dei knapt skjøna du. Dessa dumpudn kjenne du i ein venstresving rett fyri Vannin.

Om du ha køyrt upp, anbefala e at du parkera bilen på plassen ved Vannin (rett fyri ein slik krapp høgresving og rett øve vegjin førr ein noko skeiv låve).

Spenn på deg sykkelen og trå i veg på det som angjevele e ein asfaltveg. Denne følgjer du om lag nokre hundre meter te du kjem te ein bomveg som tek te venstre. Hiv deg på og snik deg gjønnom bommen. Alt no har du utsikt mot Skogshødn, men la deg ikkji lure tå den lille vatndammen der - nei det e ikkji Helsingvatn.

Vegen går lite upp og ned, men bærre små rolege bakka som både liten og stor lett kan sykle (vel det kjem litt ann på kor stor du e, men klara du å sykle - klara du å sykle her).

Følgj vegen gjønnom dei ulike støladn, nyt utsikt og draum deg bort i dei vakre omgjevnadene her i Helsinglie.

Innst i Helsinglie ha dei djerve bøndadn i Hemsedal laga ein god stig te å trille sykladn på (ja ell sykle dersom det ikkji kjem nokon i mot). Stigen kryssa Fekjanåni og tek deg inn på vegen som går langs foten tå Nibbe og Skogshødn ut atte på hovudvegen te Lykkja.

Like fyri du kjem heilt ut dit finn du og Ulsåkstølen. Her kan du klappe nokre geitu, kanina, kalva, kyr og budeiu. Du kan me få kjøft ei fleske Solo, vaffel ell ein god meddag om du ynskji det. Ho Anne ha nemle åpne ei durable svær kafeteria førr uss i Andebarkji. Det einaste du må hukse er å be om noko ost te å ha i øyra om mann hennar kjem innom førr å få kjaft tå kjæringji. Då ljoma det nemleg gødt i heile huset.

Ette å ha stappa i deg godsaku, bær det viare ut på hovudvegen og attende mot utgangspunktet. Ell bilen om du vil.

Om du ynskje å kombinere denna turen med ein fottur, kan me trygt anbefale å følgje stigen som starta ved pumpehuset ved starten tå Helsinglie (der du va temmeleg tidle i turen). Her går det gødt merka stiga upp på Gravsethøgda, der du fær panoramautsikt te både Skogshødn, Nibbe, Kyrkjebønøsi, Røggjin, Totten, Store- og Veslehødn, ja og like te Hallingskarvet.

Turen e me fin å kombinere med Storevatn rundt om du verkeleg ynskje å sykle ein lang tur.

Ja også e det vel på sin plass å skryte tå lokalkunnskapen me no … Lura du på kifør detta vatnet heite Helsingvatn? Ja det sko e fortelja de. Det fekk namnet sitt heilt attende te Vikingetide. Ja på den tide då ein kar dei kalla Harald Hårfagre sykla rundt førr å frelse bøndadn, ell banke kristendommen i hugu på dei are nordmenna. Det va få plassa i landet han møtte kraftigar motstand enn i Hallingdal der Kong Hadding regjerte frå garden sin i Gardnos på Nes.

Harald og karadn hans sløst og sløst og sløst lite te. Ette langt om lenge og endå lite lenger, va det bærre ein kar atte i troppen te Kong Hadding. Det va`n Einar Helsing, og no hadde dei komen heilt te det som no heite Helsingvatn (ko det heite den gøngjin huksa e ikkji, førr e va`kje so gamal endå då). Her va det ikkji meire håp førr unge lovandes Helsing. Han hadde to val. Å bli drepen tå kristenfølket, ell gå på vatnet. Helsing valde det siste og drukna seg sjølv. Ette denna episoda ha vatnet vørte kalla Helsingvatn.

Hemsedal-Holdeskardet-Hellebu(Ål kommune)-Torsetstølane-Hemsedal
Kart Reineskarvet

Her kan man selvsagt kjøre begge veier, og man kan krydre med småvarianter.

Opp Holleskardet,innover forbi Flævassdammen og inn i Ål kommune, sørover med Reineskarvet rett vest. Før Fiskeløktjørne på grusvei østover til enden, trille over til veien som man ser ved Breastølen. Videre sør for Kråkhamarvatnet til Fetjastølan. Rett øst for denne kan man velge nord eller øst. Begge veier fører til Trettestølan hvor det blir  endel trilling  øst til Hellan.

Velges nord kan en spennende vei tas hjem igjen - fra Hellerane går en sti i retning Syningen og Reinsbotnan. Mye fin sykling til over 1300 moh, deretter mye bæring opp til og øst for Reinsbottvatnet, men stien videre nedover mot Fagerdalen er rimelig syklbar.

Velges øst og man står ved Hellan må man videre til Breiset og ut i myra vest for Breidsettjern. Her finnes etter noe trilling,bæring  og banning ihvertfall en passasje som gir en bra andel sykling.

Så er det grus igjen og nedoverbakke, til venstre i bunn og over Torsetsida hjem igjen.

Har man mye futt i låra tas turen ned i Hallingdal der man enten kan kjøre Rotneim-Robru hjem, eller fra Torpo nordover og opp over fjellet igjen mellom Øknevatna.

Bedre enn riksveien er fin grusvei på sørsida av elva langs jernbanen.

a.Hemsedal-Hydalen-Flyvatnet-Lykkja-Hemsedal
b.Hemsedal-Hydalen-Helin-(Syndin-Vaset)-Gjeslangen-Lykkja-Hemsedal
Kart 1616 I,III,IV

Inn Grøndalen, opp til Vavatn og ned I Hydalen,videre på sti til østenden av Hydalsvatnet. Her er en bro.

På sørsiden av Hydalsåni kan man komme seg ned til ny bro over Smådøla til Øynannstølen. Det finnes en sti/tråkk langs elva som stedvist gir fin singletrackfølelse,andre steder må det trilles i myr. Det midtre partiet av stien er faktisk rødmerka.

Derimot har jeg og flere andre prøvd stien på nordsiden av elva som har flere fine sykkelpartier. Det ender da med  vading over Smådøla eller over utløpet av Hydalsåni. Anbefales ikke ved stor vannføring…

Kortvarianten videre blir fin sti til Tjørnstølen for så å runde Flyvatnet til Lykkja og hjem.

De lange variantene går nordover fra Øynannstølen til Helin, på norsiden av vannet og videre til Strøsstølane.

I veikrysset rett øst for for Strøsstølane kan man velge nord eller syd--

Syd til Movatn og trilling østover til grusvei mot Gjeslangen-Lykkja.

Nordover mot Syndin ca.4km,knekk østover etter Haslebrekk, inn på finfin sykkelsti mot Ormestadstølen og videre på grus til Grønnsennstølane og Gjeslangen-Lykkja og hjem.

Ekstrem milslukere stikker innom butikken ved Syndin for så å knekke mot Vaset og videre mot Lykkja.

Bratt tur i Hølleskaret
Ein dag du treng ein skikkeleg utfording tek du med sykkelen te Høllebrua i Hemsedal. Så sykla du upp alle svingatn på Hølleskarsvegen heilt inn te Flævassdammen.

Her tek du te høgre øve demninga og vegen te høgre ned te Hæsjostølatn (Nordre Halso på kartet). No vert det morosam sykling på stig nord te Søre Hæsjo. (Ja det stemmer Søre Halso ligg nord før Nordre Halso.)

Fortsett stigen nordøve te Sildebakken. Her dele stigen seg. Tek te venstre nedøve mot NV. Har du god balans klarer du det fint. Etter kort kjem du inn på traktorveg som tar deg ned te Nedre Bruslette. No kan du anten sykle øve brue og riksvegen austøve, men det er kjedelig.

Har du ikkje fått nok tå stigsykling, tek du te høgre rett føre brua og sykla og trille på dårleg stig langsetter elva. Stigen blir bettre jo lengre aust du kjem. Når du kjem ned te Lauvdøla tek du te venstre øve hengebrua øve Mørkedøla.

Er du lei tå stigsykling og ikkje vil sykle riksvegen så svinge du upp te venstre ved Hemsedal Fjellhotell og upp på Liovegen. Fortsett denne nedøve te du kjem ned på riksvegen på same stad som hengebrua øve Mørkedøla e.

No tek du gamle kongevegen viare østøve te Venås. No kan du anten sykle riksvegen ned te Tuv, eller du kan sykle øve brua te vestsia og sykle grusveg langsette Mørkedøla te Lauvhaugen. Her tek du upp skiløypa øve no myra og ned te løypekrysset sør for Tuv. Har du sykla riksvegen te Tuv så tek du te høgre ved butikken, sør i boligfeltet og øve smal bru.

No Sykle du god stig te stigkrysset. Frå stig/løypekrysset sykla du på god stig mot SØ te du har garden Øndredal (Anderdal) på motsatt side tå Hemsila. Herfra grusveg ned te Høllebrua.

Har du saft i beina gjer du dette på 4-5 tima.

Kart: Hemsedal
Tur- og turistkart

Tuv - Bjøberg - Bulien - Grøndalen - Tuv
R-52 til Skinfellgården, til høyre opp Kongevegen forbi Venås til Lio. Opp Liovegen til du kommer innpå R-52 igjen. R-52 til Husestølen og videre på Kongevegen.

Kongevegen forbi Storeskar og Ershovd fram til 1 km før Bjøberg. Opp til høyre forbi hytte og inn på sti som går østover mot Tusenårsmyra. Her er det vanskelig å sykle.

Hold nord for tusenårsmyra og nord for Nordre Ershovdtjern. Ikke følg stien mot Bulien, men hold nordenfor langsetter myrene over vannskillet og ned til Bulien. Fra Vannskillet og ned er det mulig å sykle myrene.

Stølsveg fra Bulien og ned til Feten. Enten asfaltvegen ned til Tuv eller skiløypa vest for elva nedover. Greit å sykle til Vente. Derfra vanskelig parti helt ned til Stølsvegen til Fagerset. Best å sykle denne ut til Brekkedemningen og så asfalten ned til Tuv.

Det går an å komme på veg/sti over fra Fagerstevegen og til Skinnfellgården slik at man slipper å sykle fra Tuv. Mao: Start og slutt på Skinnfellgården.

Tips til turen Tuv, Bulien, Bjøberg, men motsatt veg
Når du sykla frå Bulien vestøver mot Bjøberg, løne det seg å halde stigen heilt fram te du pasera 1100 meterskota. Det er der stien svinga brått upp og sø te. Ta heller rett vest upp myradn, som kan syklas om det ikkji e førr blautt. Frå vannskillje kan du sykle myradn ned te stigen nord førr Ershovdtjørna. Følg stigen te den kryssa høgspentlinja. Følg deretter dårleg stig unde høgspentlinja og vidare rett vestover nord for Tusenårsmyre. Hold fram på ein stor tørr rabbe myljo myrdrag og ned dårlig stig te hytta og ned på Kongevegen (sjå ovenfor).

Heile rundturen tek omlag 3 tima, men legg til noko tid for blaute myra og
orientering.

Til Kljåen DNT-hytte på sykkel
Ta med deg sykkelen din te Grøndalen - der kan du starte kor du vil - alt ette kor lang tur du ynskje. Ein naturleg plass og starte er på Tubba, kor asfalten tek slutt

Tråkk i veg på grusen heilt inn til Mørekvam (om du er lit sigen i fuen, kan du køyre bilen heilt hit). Frå Mørekvam er det 50 meter på sti forbi ei hytte, derifrå går det vidare på ein morosam og halvgod kjærreveg.

Ettekort som du nærma deg Kljåen blir vegen stadig smalare med gjørmehol og passering tå bekka. Siste mota upp te Kljåen er ei skikkeleg teknisk utfordring som kreve god balanse og muskla i beina.

Turen tek omlag ein time kor veg (frå Mørekvam). Har du med deg DNT-nykjel, kan du låse deg inn på sjølvbetjeningshytta og kjøpe litt mat. Huks i så tilfelle og gjere reint etter deg.

Ta det roleg på veg tilbake, slik at du ikkje blir øveraska tå lumske steinar og djupe bekka!

Om du vil ha ein litt anna veg heimatte, kan du ta te høgre før du kjem attende te Mørekvam og sykle øve brune og sti te Søtelistølen, for deretter å sykle Søtelivegen ned te dale te du kjem innpå grusvegen att noko før Tubba.

Denna turen egna seg fin førr ein ettemeddag, som lang dagstur kan du kombinere den med vandring/løping i det utrulege fjellpartie myljo Hemsedal, Vang og Lærdal. Spesielt kan det anbefalast å ta ein tur inn te Grøndalsbøttten og upp på Store Jukleeggi (1920 moh) ell mot aust te Skakadalen.

Kartreferanse: Øye.

TURA PÅ HEMSEDALSFJELLET
Eldrevatn - Sulevatn
Start v. R-52 i vestenden tå Eldrevatn. Sykl NØ til Ulvehaugen, ta rett N og upp bakkatn myljo Masseringsnosi og Store Jukleeggi. Vegen er slutt ved NV-enden tå Sulevatnet.

Du kan gå/løpe nordøve langs vatnet til du kjem innpå stig fra Kljåen til Sulebu. Sulebu er DNT sjølvbetjeningshytte. Istaden før å ta same veg tilbake til syklatn, kan ein ta stigen mot Breistølen. Uppe i Suleskardet tek du SØ upp på Sulefjellet som er 1812 moh.

Held burtetter alle toppatn til Søre Sul og ned til demninga. Herifrå er det
morosam sykling nedat til Eldrevatn. Heile turen til Sulebu og bak att øver
Sulefjellet tek 7- 8 timar om du ikkje beinflyg. Kart: Øye.

Med sykkel te Høgeloft
Start v. R-52 i vestenden tå Eldrevatn. Ta østøve ved Ulvehaugen. I vestenden av Store Juklevatnet er vegen slutt.

Gå upp Haukebøtn og ryggen vestøve upp på Høgeloft (1920moh). Herifrå kan du sjå nesten alle toppatn i Jotunheime og store delar tå fjella i Sør-Noreg

Om du tek same veg attende til syklen er du ferdig med heile turen på en 4-5 timar.

Kart: Øye, eller: Turkart Hemsedal presentert av Skandinavisk Høyfjellsutstyr.

Rundtur på Hemsedalsfjellet før barske kara og kvennfølk
Dikkon kan starte mange plassa, men Bjøberg er ein høveleg plass. R-52 up te Steinbustølen, til høgre innpå Kongevegen, kryss R-52 nord før Slettavatnet.

Langs R-52 frå fylkesgrensa til vestenden tå Eldrevatn. På anleggsveg til Store Juklevatnet. Hald på nordsida tå vatnet med sykling og trilling heilt te Jukletjønnet. Følg Strondabekken ned te Kyrkjebøslettutn.

Det vert nok litt slit med syklatn igjønno bjøreskogen og øve Grøndøla, men so kjem belønninga med artig sykling sørte Mørekvam og ned te Tubba.

No tek dikkon stølsvegen upp te Bulien. På bru øve Buliåne og vestøve langs DNT-stig til dikkon passera 1100 meterskota. Ikkje følg stigen, men tek rett vest ut på myratn som kan syklast om dei ikkje er før blaute. Up myratn og ned te nordre Ershøvdtjønnet.

Følg DNT-stigen til kraftlina og følg dårleg stig under lina vest te Tusenårsmyra. Hald kanten og ut på turr rabbe myljo to myrdrag. Stig som du kan sykle ned forbi hytte te Kongevegen. 1,5 km langs Kongevegen burt te Bjøberg.

5-6 tima på heile turen om dikkon era i god førm og ikkje surre med orienteringa.

Kart: Turkart Hemsedal presentert av Skandinavisk Høyfjellsutstyr. Eller: Øye og Gyrinosvatnet.

Kosetur te Øljusjøen.
Start ved R-52 vest før Eldrevatn.

Det er berre å sykle roleg sørøve te Øljusjøen og tebake atte. Ein fin tur med onga. Skulle du ha lyst på ein tur te Bjordalsbu, gjeng du langs vestre stranda tå vatnet og kryssa bekken som kjem frå Starsjøen.

Upp te Hemsedalstjønna og inn på DNT-stigen fra Bjøberg til Bjordalsbu. Heim fra Bjordalsbu kan du gå øve Graveggi strake vegen ned te Starsjøbekken og tebake te sykkelen.

Før ålinga som ikkje ha vøre på høgste punktet i Ål kommune, er det kort veg frå Bjordalsbu og upp på Raudbergnuten som ligg på grensa mot Lærdal og Hemsedal. (Om veten er denne vegen den stuttaste på ski te Bjordalsbu.)

Kart: Turkart Hemsedal av SH,
eller: Øye og Djup.

TURA MYLJO LYKKJA OG GOLSFJELLET
Storevatnet rundt
Artig tur som du kan starte på fleire plassa. Vanleg å starte ved Hestanåni. Det er der vegen til Eikrestølatn og Blomeslettene tek av fra Lykkjavegen i vestenden tå Storevatnet.

Du sykle austøve og tek are vegen upp te høgre til Blomeslettene. Rett fram og rett upp gamal stølsveg øve Svarahøvda og Elghøgdi og ned te Nøreli. Utfordringa er å klare å sykle heile vegen utan å måtte trille. Det er ikkje lett.

Fylg fegate myljo gjerda burt te vegen. Ned vegen nordøve på bru øve Nøra. I krysset tek du rett fram NV og upp te Sørhjallen hvor du kjem inn på Lykkjavegen. Ta upp te høgre grusveg mot Grøvstølen. Du kjem ned på Lykkjavegen atte rett føre den store parkeringsplassen ved Hynda.

Du sykla no ned langs med Hynda øve smal bru og på gamal stølsveg sørvestøve langs Storevatnet, imyljo all hyttutn innafor Digreneset til du kjem ut på Lykkjavegen atte.

Berre eit par hundre meter burt te Hestanåni. Turen tek halvannan te to tima, men legg te tid om du sykle med onga.

Kart: Hemsedal og Tisleia.

Huso-Tisleia-Golsfjellet-Lauvset-Huso
Frå Huso nordaust langs vegen forbi Mørkevøllen te Blomeslettene. Upp te høgre på gamal stølsveg øve Svarahøvda og Elghødi og ned te Nøreli. No tek du stigen søraustøve ned te Løggestølen heilt nede ved Tisleia.

Nesten heile stigen kan syklast. Ta vegen upp te Gol Turisthytte (Bleiktveit) og hovudvegen sørvestøve te Lauvset. Ta te høgre førbi Halli og burt te Skrøyvestølatn.

Herifrå kan du anten sykle upp te Heggerusti og so ned te Huso, eller ned te venstre mot Fuglehaugen, sving te høgre på gamal stølsveg før du kjem te Fuglehaugen, burt te Bekkestad og upp te Huso.

Ein fin tur heilt fri før asfalt, ca 3 tima. Legg te tid før onga.

Kart: Hemsedal og Tisleia.

Hynda-Lykkja-Kjølen-Hundsennvatnet-Hynda
Artig tur før dei som lika å sykle på stiga. Start på den store parkeringsplassen ved Hynda.

Ta te høgre burt Lykkjavegen og upp te venstre på grusveg forbi Grøvstølen og ned på Lykkjavegen ved Sørehjallen og burt i Lykkjun. Ta upp te venstre te Lykkjastølatn.

No tek du den beste stigen nordvestøve upp på Kjølen. Hald fram langsette Kjølen og ned te sørenden tå Hundsennvatnet. Stigen på vestsida tå Hynda er lettast å sykle ned te parkeringsplassen.

Du kan kutte ruta litt om du tek upp te venste te Jonsstølatn etter passering tå Grøvstølen. Du fylgjer jorde østøve og øve eit par gjerde burt te Lykkjastølatn.

Turen tek halvannan te to tima.

Kart: Hemsedal.

Kosetur te Løkjestølatn
Start der stølsvegen tek av frå Lykkjavegen i den skarpe svingen rett unde Skogshødn. Dikkon kan sykle vestøve heilt te vegen slutte ved Fetjaåni. Gå stigen upp langsmed åni te nokon fine badekulpa. Her era kraftig dusj, boblebad og vatnsklie.

Skulle dikkon få lyst på ein topptur er det kort upp på Såta (1267). Er du sprek ligg Nibbi og Skurvefjell fristande nært.

Når dikkon vil heim te kjøttgrytutn, sykla di roleg atte te Lykkjavegen. Ein fin tur før barnefamilia og førelska par.

Kart: Hemsedal.

Hemsedal-Grønlio-Hemsedal
Frå Hemsedal sentrum tek du Torsetvegen sørte Skar og grusvegen ned forbi Dyrgja og ned te Langeset. Rett fram forbi Eikredammen på litt dårleg veg ned te asfaltvegen te Grønlio.

Upp vegen og heilt inn te asfalten slutta ved Litlelii. Grusvegen upp forbi Krosstølatn te Nedrestølen og ned te Langeset. Same vegen atte te Hemsedal Sentrum.

3 tima era normalt på denna turen.

Kart: Hemsedal.

God tur - helsing Erik Enitch
(fleire tura i Hemsedal kjem seinare)

TIPS USS
Har du tips til ulike tura du vil anbefale are syklista, trykk her!

 

<-- attende te are sia

Hallingrittet 2009 - birkenseeding

SpareBank 1 Hallingdal

Tretterudsport
Tretterudsport

Hard Rocx

Bardøla Høyfjellshotell

Hallingplast

Nesbyen Bilskadesenter

Hallingdal Renovasjon

Steinmoen Trevare

Thorgeir Røer - www.hallingdal.info