Tura med utgangspunkt på Geilo

Duvele fin brosjyre om sykkel- og vandretura!
Turistkontoret på Geilo ha laga ei god oversikt over ulike tura te fots og med sykkel rundt omkring på Geilo. Denna brosjyra fær du på turistkontoret, sportsbutikadn og mange are plassa - men du kan me laste ho ned her …

Prestholtseter - Geilo sentrum (Kart: Hallingskarvet)
Detta e ein duvele fin tur på stigadn myljo Prestholtseter som ligg i ly tå sjølvaste Hallingskarvet/Prestholtskarvet. Med are ord e det temmeleg mektig natur du no sko ut å sykle i.

Inn te Prestholtseter kan du koma anten ved å sykle førrbi gromhotellet Bardøla og viare uppette Havsdale og like te Prestholtseter. Her e det gødt med stigninga dei fyste kilometra, men når du ha kømen upp så e det duvandes flott fjellterreng beint inn te setra.

Du kan me ta skiheisen upp og fylgje gødt merka stiga ell vegen inn te Prestholtseter. Det e omlag sju kilometer frå tøppen tå heisen og inn. Det finaste og tøffaste e nøk å ta stigen vestette. Ette eit bel kan du velja om du vil sykle nedatte te Tuftelie ell om du vil viare te Prestholtseter. Du kjem då inn på vegen omlag 3 kilometer fyri setra.

Når du ha kømen heilt inn te Prestholtseter, ja då snur du sykla burtimot 200 meter attende mot Geilo og tek te høgre (venstre om du finn fram fyri du ha vøre heilt inne …) i ein S-sving. Her går det ein gamal kjærreveg, som ette eit bel bi te ein stig.

I omlag to kilometer sykla du no i eit temmele flatt høgfjellsterreng mot åne (elva) Eima. Ette kort kjem du te å sjå at stigen følje åne eit gødt stykke nedette mot dalsia.

Når du nærma deg tregrensa kjem du me te å merke at stigen dela seg i to. Ein følje åne viare, medan den are tek te venstre inn i skauen. Du tek den siste og sykla inn i Tuftelie. Derette bi`re nokre kilometer i skauen fyri stigen bi te ein kjærreveg atte. Det heile munna ut i at du kjem te jødnbanen som du lyt krysse, om du ha angst førr detta - ja då lyt du bærre sykle attende sama vegen som du kom.

Du kjem no te riksvegen og kan om du ynskje ein lite lenger tur sykle beint øve vidda te Hardanger, viare te Voss, so Gudvangen, gjønnom tunnellen te Flåm og so upp Rallarvegen attende te Geilo. Detta bi lite meir enn ein dagstur, men om du føle deg i god form - ja so e det upp te deg!

Me are tek grusvegen på are sia tå riksvegen og følgjer den ned te gangvegen som går rundt Ustedalsfjorden og sykla attende te Geilo.

Slik e terrenget på turen:
I starten e stigen noko smal, men går i eit flatt terreng med nokre bekka og myrhol. Ettekort øpna stigen seg og føljer åne Eima nedette fjellsia. Siste del tå stigen går gjønnom skogen. Stigen e no noko breiare og enda upp i ein god kjærreveg. Stigen gjer mykji fin flyt i syklinga og e ikkji noko mindre enn ei perle tå ein sykkeltur.

God tur Helsing Gunnhild Bottolfsen

TIPS USS
Har du tips til ulike tura du vil anbefale are syklista, trykk her!

 

 

<-- attende te are sia

Hallingrittet 2009 - birkenseeding

SpareBank 1 Hallingdal

Tretterudsport
Tretterudsport

Hard Rocx

Bardøla Høyfjellshotell

Hallingplast

Nesbyen Bilskadesenter

Hallingdal Renovasjon

Steinmoen Trevare

Thorgeir Røer - www.hallingdal.info